To gamle kvernhus langs Gryte på Harstad i Valle 26. oktober 2025. Huset t.v. skal vere Nistog Harstad sitt. Alder er usikker. Men det er mange innskrifter frå andre halvdel av 1800-talet og 1900-talet. T.h. Systog Harstad. Ved SEFRAK-registrering i 1977 er bygget tidfesta til rundt 1850. Foto: Geir Daasvatn

Setesdal

Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord

Eg vil prøve å dokumentere flest mogeleg av minna som er att etter den gamle kvernverksemda i Setesdal.

Eg har lese eindel om kvernhistoria i Setesdal dei siste åra. Kvernene var ein særs viktig del av livet i dalen i hundreåra før oss og heilt naudsynte i livberginga av familien. Ja, dei som kjenner historia har kalt kvernverksemda for «vårt lands mest tradisjonsrike bygdeindustri» (Bygdemøllene i Norge, føreordet).

I dag er det ingen etter det eg veit som mel kornet på den gamle vasskverna som ledd i gardsdrifta. Den einaste eg kjenner til som mel regelmessig er Margit Dale i Valle. Ho seier ho mel litt på gardskverna kvar haust for å halde den gamle tradisjonen i hevd.

Les også: Kornet

Kvernminna i dag

Ein gamal kvernstein i skogen langs Skuggebekk på Nomeland i Valle. Foto
Ein gamal kvernstein i skogen langs Skuggebekk på Nomeland i Valle. Foto: Geir Daasvatn (2025)

Eg er glad i frisk luft og i å finne gamle kvernsteinar som ligg att ute i skogen. Målet mitt er å leite meg fram til og dokumentere med foto flest mogeleg av minna som er att etter den gamle kvernverksemda. I teksten som høyrer til freistar eg «berre» å forklare kort og enkelt kva bileta syner. Bileta bør liksom stå i ein samanheng om dei skal gje god meining.

Digital «bok»

Eg hadde nok fyrst tenkt å samle stoffet og gje det ut i ei bok. Spesielt med omsyn til bileta var det ein draum. Gamle kvernhus er nydelege fotomotiv! Men eg har sett at ei bok om kvernminna i Setesdal, med mange fine bilete, ville bli veldig kostbar å trykke. Samstundes er det eit «smalt» tema og usikkert kor mange som ville lese. Eg har ikkje høve til å ta pådra meg alt for store kostnader. Draumen om ei praktbok om kvernminna lyt ligge enn så lenge.

I staden vil eg samle stoffet under kategorien «Kvernminne» som eit eige menypunkt på framsida av Setesdalssida. Eg vil så freiste å systematisere stoffet noko nærare, så det er enkelt å finne fram i. Det kan til dømes vere å samle det etter kommunane eller etter gardane (matrikkelgardane). Eg har ypparleg hjelp av min gode ven Inge Fredriksen med det tekniske oppsettet på Setesdalssida, så det arbeidet er i dei beste hender. Det går seg til etter kvart.

Langtidsarbeid!

Tankefull Geir med hodet i hendene. Foto.
Det vil nok ta si tid, dette her Foto: Privat

Eg har mange bekkar igjen å gå langs og mange fleire kvernspor å finne. I motsetnad til ei bok der alt må vere klart før manuskriptet går til trykking kan eg her jobbe med og legge fram stoffet etter kvart. I starten nå er det mest som ei «spire». Så vonar eg at eg etter nokre års tid har klart å pleie fram ein meir heilskapleg «kvernminneblome».

Fordjuping i litteraturen

Til framstillinga høyrer ei kjelde- og litteraturliste. Då kan du som lesar enkelt finne utdjupande stoff om du er hungrig på å vite meir. Lista vil eg oppdatere etter kvart som arbeidet går framover.

Eg håpar du finn noko du er interessert i og kanskje til og med blir inspirert av til å ta deg ein frisk tur ut langs ein eller annan av bekkane! Sit du på kunnskap om denne spennande historia er det veldig stas om du vil fortelje litt om det.

Fleire kvernminne

Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kvernspor langs Faråne i Hylestad
Kornet
Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Kvernminne – litteratur og kjelder
Dei to kvernhusa i Trydalsbekken
Kvernhuset i Lislestog
Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume
Kvinnebekken på Dale
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Nordenåkverna – Åraksbø

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.