To fine kvernhus står att i Trydalsbekken i Bykle. Men her er spor etter fleire kverner!
Like nedanfor krysset Riksveg 9/Trydalsvegen (den gamle setesdalsvegen) står eit fint kvernhus. Like ved er det også spor etter ei anna kvern. Her står nokre hornsteinar att og eit gamalt bilete underbygger at det mykje truleg har stått ei kvern oppå desse hornsteinane.
Les også: Dei to kvernhusa i Trydalsbekken
Stykket held fram under biletet

Det er restar av stem og vassrenne på oppsida av kvernstaden. Kanskje har dei to kvernhusa hatt ei felles renne som delte seg det siste stykket fram til kvart kvernhus?
Slik eg har vore inne på tidlegare er det ikkje noko forskningsarbeid eg driv med. Eg berre ser meg litt rundt og prøver å ta nokre bilete når det er noko spennande å sjå. Kverntufta her finn eg ikkje i SEFRAK-registeret. Kven som eigde kvernhuset veit eg difor ikkje. Kor lenge det stod på staden veit eg rimelegvis heller ikkje. Men kanskje nokon av dykk som bur i Trydal har eit godt svar!
Les også: Kornet frå åkeren til kverna

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!