Kvernene på Heistad i Bygland låg ved Heisfossen. Ingen av dei står att ved fossen no lenger. Men det er mange andre spor etter dei.
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.
Kverner på Heistad i gamal tid
Kvern på Heistad er nemnt alt i lensrekneskapen for 1621/1622. I 1661 var det to kverner på Heistad i følge kjeldene; ei på Heistad Nordre og ei på Heistad Syndre.
I 1723 var det også kvern til husbruk på Nord- og Søgarden. Seinare kom det nokre fleire. På det meste ser det ut til å ha vore rundt fem kverner.
Bjørn Gunnarson Heistad (f. 1881, d. 1956) på Nordre Heistad (bnr. 2) var den siste som hadde kvern på Heistad. Ho var i drift under siste verdskrigen. Det var kverna som låg lengst nede mot vegen, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind II, 2003, s. 286–287). Opplysningane her er henta frå Reidar si framstilling.
Stykket held fram under biletet

Kvernspor langs Heisåna i dag
Eg var ein tur langs Heisåna og kikka etter kvernspor i fjor. Det finst mange slike om me ser litt etter. Elva har fleire løp frå fossen ned til fylkesvegen. Spora etter kvernene ligg langs løpet mot sør, frå litt oppforbi brua og heile vegen opp til der fjellet byrjar å gå bratt opp.
Eg trur eg fann to kverntufter, ein eller kanskje fleire kvernstemmar og mange spor etter vassrenner. Det er ikkje akkurat vitskapleg arbeid eg held på med, snarare ein gild fotohobby. Men ein dag skal eg nok ta meg tid til ein ny ekspedisjon opp til Heisåna med penn og papir og lage meg nokre ordentlege notat om det eg ser.
Oppdatering følger – ein eller annan gong! Om nokon har informasjon om kvernene i Heisåna tek eg imot med takk.

Les også: Kornet – frå åkeren til kverna
Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!