På det meste var det ti kverner på Langeid i Bygland. Dei stod i Kvernåna, langt sør i garden. Den siste kverna var i bruk under andre verdskrigen.
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.
Kvernene på Langeid
Reidar Vollen gjer greie for kvernene på Langeid i Bygland gard og ætt (bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, s. 86). Dei fyrste er nemnt i «Boslodden» 1614. Tre oppsittarar på Nedre Langeid hadde då kvern. Lensrekneskapen 1621/1622 opplyser om ei kvern. Landkommisjonen i 1661 nemner ei lita bekkekvern både på Øvre og Nedre Langeid. I 1668 hadde gardane to kverner kvar, altså totalt fire.
På slutten av 1700-talet var det heile ti kverner på Langeid. Kvart bruk, med unntak av Lisle Teigen, hadde kvar si kvern.
«No står berre restane av ei kvern att, det er kverna til nedre Heimigard og Voddå», fortel Reidar. Han held fram: «Knut Taraldson fekk nye kvernsteinar frå Bjelland, og kverna var i bruk under krigen. Etter den tid var det slutt på å male kornet sjølv, og kvernene blei borte.»
Kvernåna på Langeid på Norgeskart.no
På leiting
Eg har vore eit par turar langs Kvernåna på Langeid og kikka etter spor etter kvernene. Men det har vore i forbifarten og meir eller mindre på må-få. Eg har berre funne ein plass der eg kjenner meg sikker på at det har stått ei kvern. Der ligg det att både ein kvernstein og ein nokså sjeldan kvernkall av jern. Det er bilete av den tufta øvst i stykket.
Det er også nokre opplødde stein m.v. på oversida av tufta som truleg er spor etter ei vassrenne.
At eg berre har funne ei kverntuft langs elva tyder såvisst ikkje at det ikkje er fleire. Nokre kan rett nok vere borte for godt. Kvernene stod i røffe omgjevnader nær elva. Store flaumar og andre naturhendingar opp gjennom årtidene kan ha «vaska vekk» både kvernhus og hornsteinar. Eg har som nemnt ikkje gått systematisk til verks (endå). Eg har heller ikkje leita på oppsida av brua over skogsbilvegen oppover mot Simedalen. Med heile ti kverner på eit tidspunkt vil eg tru at dei var spreidde over eit ganske stort område langs elva, slik som til dømes langs Hommsåne i Valle.
Les også: Kornet – frå åkeren til kverna

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!