Kverntufta ved Kvernhusbekken 15. april 2026. Foto: Geir Daasvatn
Stigemo

Bygland

Kverntufta på Stigemo

I Kvernhusbekken på Stigemo i Bygland finn me framleis spor etter kverna til husmennene på plassen.

Stigemo ligg nokre hundre meter sør for Storstraumen, på vestsida av fjorden. Her var det to husmannsplassar, Stigemo søndre og Stigemo nordre. Den første plassen blei rydda rundt 1804 og den andre i 1830-åra. Det budde folk på staden heilt til om lag 1931. Dei to plassane og folka som budde her er breitt skildra av Reidar Vollen i Bygland gard og ætt (bind VI, utgjeve av Bygland kommune, 2009, s. 458–473).

Kvern

Stigemo hadde ei god kvern, skriv Reidar (bind VI, s. 459). Ho låg ved Kvernhusbekken der han flatar ut før han renn ut i fjorden.

Ein dag eg var forbi Stigemo gjekk eg oppover langs bekken for å sjå om eg kunne finne den gamle kverntufta. Sanneleg, det kunne eg! Noko slikt som 50 m ovanfor fylkesvegen, godt gøymt inne i skogen, står det att både haldesteinar og andre spor etter kverna.

Det kan sjå ut til at det har vore ein liten stem 10–20 meter ovanfor kverna. Vatnet har så blitt leia gjennom eit naturleg løp ved sida av sjølve bekken ned til kverna. Så har det sikkert vore ei bratt trerenne ned på kvernkallen under kvernhuset. Eg understrekar at dette berre er min teori, tufta på tilhøva på staden, og ikkje noko som er sikkert dokumentert.

Kor lenge husmennene på Stigemo mol på kverna veit eg ikkje. Eg har ikkje funne skriftleg dokumentasjon på det. Men det var iallfall sikkert ikkje lenger enn til rundt 1930, då plassen blei fråflytta for godt.

Les også

Kornet – frå åkeren til kverna

Fleire kvernminne

To fine kvernhus i Kåvåne
Kvinnebekken på Dale
Ramselikverna frå Øvre Dåsvatn
Nistog-kverna på Rygnestad
Nordenåkverna – Åraksbø
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral
Kvernspor langs Faråne i Hylestad
Kvernene på Sordal
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Kvernhuset i Lislestog
Kvernminne – litteratur og kjelder
Kvernebekken Gryte i Valle

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.