Kvernhuset til bnr. 8 på Straume 26. oktober 2025. Det ligg noko oppforbi Straume kraftverk, litt på sida av sjølv elveleiet. Det er truleg bygd på slutten av 1700-talet er det sagt i SEFRAK-registreringa frå 1977. Foto: Geir Daasvatn.
Straume

Valle

Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume

Langs Kvinnåne på Straume i Hylestad står tre gamle kvernhus att til minne om kvernverksemda som var så viktig i det gamle landbruket.

Valle var den beste kornbygda i Setesdal. Mest kvar gard hadde sitt eige kvernhus der dei mol kornet til mjøl. Kornslaget var i hovudsak bygg. Malinga gjekk føre seg haust og vår medan det var mykje vatn i elva.

Det blei male matmjøl og malt til ølbrygging. Til husdyra grøypte (grovmol) dei kornet. I kultursoga for Valle kan du lese mykje meir om kornet og vegen frå åkeren til kverna. I den nye boka til underteikna m.fl., Hovassåna – krafta i elva, er det eit stort kapittel om kvernhusa og mykje bakgrunnsstoff om denne prosessen.

Les også: Meir om kornet frå åkeren til kverna

Kvernhusa på Straume

Kvernhuset på nordsida av Kvinnåne, nedanfor Birkelandsvegen, 19. oktober 2018. Det ligg på grunnen til Sygard (gnr. 69, bnr. 3). Eg veit ikkje kven som eig det i dag. Men ved SEFRAK-registrering i 1977 høyrde kverna til Helle Der ne’i og hadde Liv Helle som eigar. Alderen er uviss, men eit årstal som ser ut som 1735 er rissa inn over døra. Foto: Geir Daasvatn

Kvinnåne (Kvernåni på Norgeskart.no) kjem frå Mjåvatn, renn ned gjennom det veldige Straumsjuvet og ut i Otra ved Dakkin sør for busetnaden på Straume.

Så langt tilbake som det finst oppgåver over kvernene i Valle skulle det før det store rasåret 1793 vere fire slike hus på Straume. Tre av desse blei borte i storflaumen som også følgde uvéret. Ved neste offentlege liste, i 1799, var to av dei tre øydelagte kvernene bygde opp igjen. Det var dermed tre kverner på garden.

«I manns minne har det vore fem kvernhus på garden», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Han held fram:

Bnr. 1 og 2 hadde eitt i hop, bnr. 3 og Helle, bnr. 4 hadde eit anna, bnr. 4 og Helle, bnr. 9 det tredje og bnr. 8 og Helle, bnr. 12 det fjerde. Det femte var det visst folk på Helle som åtte [—].

Heddisane mol som me skjøner mjølet sitt på kvernene på Straume. Grunnen til det var at det var dårleg med høveleg vasskraft på Hedde.

Etter andre verdskrigen var det stort sett slutt med kornmalinga på kvernene langs Kvinnåne, slik som dei fleste andre stader i Hylestad og Valle.

Tre av kvernene står att langs Kvinnåne i dag. Kverna til bnr. 8 (Olav Straume) som me ser øvst i stykket her er fint restaurert.

Du vil kanskje også lese

Kjelder

  • Alfred Ryningen, Valle kommune I, Gards- 0g ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, s. 74–75
  • Leonhard Jansen, Valle kommune VIII – Kultursoge, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 107–119
  • SEFRAK-registeret

Kvernhuset på sørsida av Kvinnåne, nedanfor Birkelandsvegen, 19. oktober 2018. Det ligg på gnr. 69, bnr. 19. Eg veit ikkje kven som eig det i dag. Men ved SEFRAK-registrering i 1977 høyrde det til Sygard Straume og var eigd av Tarjei Haugen. I same registreringa er kverna sagt å vere frå tidleg 1700-talet, ut frå innskrifter i tømmeret. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kvernminne

Kvernene på Sordal
Kvernebekken Gryte i Valle
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord
Dei to kvernhusa i Trydalsbekken
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
Kvinnebekken på Dale
Kvernminne – litteratur og kjelder
Kvernhusa langs Bjørnaråni
Nistog-kverna på Rygnestad
To fine kvernhus i Kåvåne
Nordenåkverna – Åraksbø
Kvernhuset i Lislestog

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.