Langs Libekken på Landsverk søndre i Evje står berre hornsteinane att etter Der oppe-kverna som ein gong var her.
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.
Kverna på Landsverk
Ved SEFRAK-registreringa i 1993 stod kvernhuset til bruket Der oppe på Landsverk framleis ved bekken. Det er dokumentert med bilete. Golvet var då nesten borte. I 1973 fekk kverna bølgeblikk på taket. Kva tid kverna blei bygd er usikkert. Men ein gong rundt år 1800 er sannsynleg, sjå neste avsnitt.
Ein gong etter 1993 er kvernhuset teke ned. På Kulturminnesok.no heiter det at «Kvernhus, demontert og lagret innomhus (skal restaureres). Eldste årstall på dette 1804. Stem ovenfor kvernhuset. Kun pilarer igjen».
Eigaren av Der oppe i dag, Thorbjørn Landsverk, opplyser at kvernhuset framleis ligg lagra på låven heime hos han i påvente av restaurering. Han har også teke vare på kvernsteinane og ei dør der mange namn og årstal er krota inn.
Stykket held fram under biletet

Ovanfor tufta er det tydelege spor ettert ein kanal som førte vatnet ned mot kverna.
Andre gardsbruk på Landsverk hadde også kvern ved Libekken. Eg har fått nokre gode tips om kor det er. Om ikkje alt for lenge håpar eg å kunne skrive litt om dei òg.
Les også: Kornet – frå åkeren til kverna

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!