På det meste var det fire kverner på Birkeland i Bygland. Dei stod i Kvinnebekken, like nord for husa på bnr. 1. Ein gong i mellomkrigstida blei den siste borte.
Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard i Setesdal hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.
Kvernene på Birkeland
Reidar Vollen gjer grundig greie for kvernene på Birkeland i Bygland gard og ætt (bind I, utgjeve av Bygland kommune, 2002, s. 20–21). Den fyrste er nemnt av Landkommisjonen i 1661. Åra 1770–1784 var eit høgdepunkt med heile fire kverner, eitt på kvart bruk på garden.
Det er uvisst kor lenge den siste kverna på Birkeland var i bruk, seier Reidar. Kvernhuset er nemnt i samband med ei sak i 1918/1919. I mellomkrigstida skal huset ha blitt selt til Valle.
Ein kvernstein som høyrde til Stein Olavson (f. ca. 1819, d. 1886) si kvern ligg som trapp eller dørhelle til buret på Birkeland bnr. 1.
Reidar Vollen skriv (s. 21) at murane etter den siste kverna syner enno. Eg har vore langs denne Kvinnebekken og leita litt etter spor etter både dei murane og kvernene elles. Eg har berre funne det eg trur er ei oppmura vassrenne. Like under den må det ha stått ei kvern. Kanskje dei andre stod lenger oppover i bekken? Eg har «tabba meg ut» mange gonger med å ikkje leite godt nok, så kanskje finn eg ein gong fleire kvernminne på Birkeland!

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!