Kvernhuset under fossen i Vai 31. juli 2026. Foto: Geir Daasvatn
Haukeli

Vinje

Haukelikverna

Ved den no mest tørrlagte elva Vai på Haukeli i Vinje står det eit nydeleg, gamalt kvernhus.

Korn har me menneske vore heilt avhengige av for å overleve i fleire tusen år. Men for å lage kornet om til mat må det malast til mjøl. Det har skjedd på ulike vis opp gjennom historia. I ein periode, frå 1500-talet eller før til ut på 1900-talet, blei malinga utført på dei små bekkekvernene som mest kvar einaste gard hadde attmed ein bekk eller ei lita elv i nærleiken.

Haukelikverna

«Haukelikverna» er berre eit namn eg har gjeve ho i mangel på kunnskap. Kverna står like under den ein gong så svære fossen i Vai, like nord for Haukeli kraftverk, på sørsida av elva Kjela. Elva er mykje tørrlagt fordi vatnet blir nytta i kraftverket.

Det er eit tradisjonelt, lafta kvernhus. Det ser ut til å vere restaurert i nyare tid, med nytt tak m.v. På dører og veggar er det mange fine inskripsjonar. Ein del av utstyret som høyrer til ei kvern ligg att inne i kvernhuset. Utforbi ligg det att kvernsteinar eller delar av slike.

Eg kom forbi kvernhuset på veg til Vestlandet. Det er ikkje mykje eg veit om det. Eg veit til dømes ikkje kva for gard som hadde kverna si her. Nå vil eg prøve å lese meg litt opp om kvernverksemda i Vinje, så eg kan fylle på med noko meir stoff seinare.

Kverna står rett under ein svær foss. Vatnet har nok kome ned på kvernkallen via ei vassrenne i bakkant av kvernhuset. Eg gløymte å sjå etter den… Foto: Geir Daasvatn

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!

Fleire kvernminne

Kvernspor på Langeid
Kvernminne – litteratur og kjelder
Den fine Breilandkverna langs vegen på Austad
Kverntufta på Stigemo
Kvernebekken Gryte i Valle
Kvernhuset på Iveland og Vegusdal bygdemuseum
Kvernhuset ved Kvernåna på Austad
To fine kvernhus i Kåvåne
Kvernene på Sordal
Nordenåkverna – Åraksbø
Kverna i Kvinnåne på Rysstad
Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.