Murar etter Neslandkverna. Foto: Geir Daasvatn (2025)
Handeland

Åseral

Kvernspor langs Hånsbekkjen i Åseral

Langs Hånsbekkjen mellom Handeland og Nesland i Åseral stod to kverner. I dag er berre ruinane attende.

Handeland og Nesland er to gardar ved Handelandsvatnet i Åseral. Om du køyrer frå Kylland mot Flystveit kjem du forbi her.

Hånsbekkjen renn mellom dei to gardane og ut i Handelandsvatnet frå nord.

Handelandkverna

Litt oppover i bekken, på austsida, ligg spora etter Handelandkverna. Ho høyrde til gardsbruket «Framme» i følge SEFRAK-registeret. Eg reknar med at det er det same som bruket Der Framme som er omtalt i Åseral gard og ætt. Ho skal ha kome ut av bruk før århundreskiftet.

Stykket held fram under biletet

Kverntufta etter Handelandkverna (t.h.) og restar av oppbygd vassrenne av naturstein (t.v.) Foto.
Tufta etter Handelandkverna (t.h.) og restar av oppbygd vassrenne av naturstein (t.v.) Foto: Geir Daasvatn (2025)

Neslandkverna

Litt lenger nede langs bekken, på andre sida (Neslandsida) kan me sjå murane etter kverna til Nesland. Etter merknadane i SEFRAK-registreringa var dette ei kvern som var felles for fleire av gardsbruka på Nesland. Ho skal ha vore i drift til litt over århundreskiftet.

Kjelder

Les også

Ruinen/murane etter Neslandkverna ved Hånsbekkjen. Vatnet til å drive kvernkallen har nok kome via ei vassrenne i bakkant av murane her. Foto.
Ruinen/murane etter Neslandkverna. Vatnet til å drive kvernkallen har nok kome via ei vassrenne i bakkant av murane her. Foto: Geir Daasvatn (2025)

Eg har skrive ein del om kvernhusa i Setesdal i boka Hovassåna – krafta i elva (2025). Du kan få kjøpt boka i fleire butikkar i Bygland, på Stoga kulturkafé på Prestneset, bokhandelen Norli Evje eller direkte av meg (mob 909 26 724, E-post geir.daasvatn@gmail.com). Det er eit spennande tema!

Fleire kvernminne

Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kverntufta under Håtveitfossen
Kvernebekken Gryte i Valle
To fine kvernhus i Kåvåne
Kornet
Nordenåkverna – Åraksbø
Kvernspor på Moi
Kvinnebekken på Dale
Kvernhuset ved Kvernåna på Austad
Nistog-kverna på Rygnestad
Kvernene på Sordal
Kvernspor på Birkeland

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.