Tøffe jenter i Evje og Hornnes Jeger- og Fiskarlag

Trude Evje skyt leirduer med hagle. Foto.

Jentene i Evje og Hornnes JFL møtest annankvar tysdag til leirdueskyting på Bane T på Evjemoen. Nettsida til Evje og Hornnes JFL Jentene har skytetrening saman med nybegynnarane kl. 17.00–18.00. Då eg fekk lov til å kikke litt på ei økt for eit par dagar sidan, var det ingen nybegynnarar som var der. Bare tre […]

Evje og Hornnes pensjonistforening 50 år!

Ruth Simonsen, Astrid Møen og Molla Skogsøy Moi. Foto.

Evje og Hornnes pensjonistforening fyller 50 år i 2023. Det blei feira med stor fest på Evjeheimen mandag 6. mars. Opp mot 80 medlemer var til stades! Leiar i foreninga, Roy Frimanslund, ønska alle hjarteleg velkomen. Roy presenterte også dei inviterte gjestane. Første post på programmet var ein liten biletserie og film med tilbakeblikk på […]

Kjapt årsmøte og stor kulturkveld

Inger Lise Stulien syng og Knut Kjetil Møen spelar gitar. Foto.

Tysdag 21. februar gjennomførte Evje og Hornnes sogelag årsmøtet sitt på Furuly fleirbrukshus på Evje. Tradisjonen tru blei årsmøtet følgt opp av ein fin kulturkveld. Leiaren i sogelaget, Erik Kjebekk, opna årsmøtet temmeleg presis kl. 18 og ønska alle velkomen. Det var oppimot 40 menneske som ville ha med seg møtet. Det må seiast å […]

Evje og Hornnes bygdekor med 40-årsjubileum!

Evje og Hornnes bygdekor. Foto.

Ein februarkveld i 1983 samla ein spent og songglad gjeng med bygdefolk seg på Hornnes gymnas til den aller første øvinga i Evje og Hornnes bygdekor. Som tida flyg! Nå er det alt gått 40 år siden den storhendinga. Bygdekoret er framleis i full vigør. Alt ligg då til rette for ei heidundrandes jubileumsfeiring innan […]

Evje og Hornnes Sanitetsforening – i teneste for bygda i 123 år!

Evje og Hornnes Sanitetsforening blei tildelt Frivilligheitsprisen i Evje og Hornnes i sommar. Under Frivilligheitsfesten på Evjemoen Kino & Scene mandag 5. desember heldt leiaren May Britt Stenjor eit veldig fint innlegg om kva Sanitetsforeininga eigentleg driv med. Ho sette også arbeidet inn i ein større, nasjonal samanheng. Her er ein lett omarbeidd versjon av […]