Restar etter luftvernstillinga på Listeinsfjellet. Foto: Geir Daasvatn

Listeinsfjellet på Evjemoen

Listeinsfjellet er lågt, bare 230 moh., og mest som ein liten rund ås. Fjellet ligg aust for Bjoråvegen, lengst nord på den lange sletta ved Evjemoen. Det går ein fin stig opp til toppen.

På Listeinsfjellet var det ei norsk maskingeværstilling som skaut mot tyske fly som bomba Evjemoen i aprildagane 1940. Under krigen hadde tyskerane ei luftvernstilling her. Du kan lese mykje meir om krigsminnet Listeinsfjellet i ein annan artikkel på Setesdalssida.

På andre sida av vegen for Evje Fengsel tek ein stig opp til toppen til. Han er enkelt lagt til rette med steintrapper på nokre bratte punkt. Ellers går stigen på skogbunn og bart fjell. Det er bare eit par hundre meter opp til toppen. Det er ganske bratt, men ikkje vanskeleg å gå om du er i normalt god form.

Stykket held fram under biletet

Løypa tek til rett til høgre for det gule skiltet. Gang- og sykkelvegen til Evjemoen i framgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Vel oppe på toppen kan du kikke på restane etter den militære aktiviteten her oppe. Du kan gå same vegen tilbake, eller følge stig nedover på nordsida av åsen. Då endar du nede på flata i området rundt Evje Trafikkstasjon.

Korleis kjem du hit

I rundkøyringa sør for Evje sentrum tek du av mot Evjemoen. Køyr, sykle eller gå dei få hundre meterane til du er forbi innkøyringa til Odde Sagbruk. Rett etter det, på andre sida av vegen, startar stigen. Han er ikkje merka, men etter måten grei å finne. Han er rett ved sida av eit lite, trekanta gult skilt med advarsel om skytefelt på. Om det ei sjeldan gong skulle vere skyting på den næraste banen, og du ikke bør ta turen akkurat då, vil det vere varsla med raud ballong høgt oppe i masta ved inngangen til skytebanen.

Kart over området

God tur!

Fleire turar i Evje og Hornnes

Den første delen av løypa er litt bratt, men ikkje vanskeleg å gå. Startpunktet nede ved vegen i bakgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Allemannsretten gjev oss fantastiske mogelegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har vi full rett til, så lenge vi tek omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er vårt felles skattkammer!

Del "Listeinsfjellet på Evjemoen"