Barn og vaksne foran inngangen til Europris Evje under opninga av butikken. Foto.
Barna i Babuschka barnehage har gjort jobben og Nye Europris Evje er opna! Foto: Geir Daasvatn

Nye Europris Evje opna!

Barna i Babuschka barnehage fekk den store oppgåva med å klippe snora og opne Europris Evje i nye lokale på Verksmoen. Den oppgåva løyste dei på glimrande vis.

Butikksjef Tonje Kirkholm Skauen sa nokre velvalde ord og takka alle som har vore med på å få i stand den nye butikken. Barna frå Babuschka barnehage klipte snora og ein lang kø av forventningsfulle menneske strøymde spente inn i butikken då snora var av og dørene endeleg oppe. Dei 100 første som handla fekk ein gåvepose med assorterte varer verd fleire hundre kroner med heim på kjøpet. Alle blei me trakterte med nydeleg blautkake, kaffi, saft og ferske bollar.

Saka held fram under biletet

B2B-seljaren Lone S. Herwander hjalp dei som ville bli bedriftskunde med å registrere seg. Foto: Geir Daasvatn

Butikken er ikkje så mykje større enn den Europris hadde lenger sør på Verksmoen. Men innreiinga er annsleis, med ei meir tydeleg inndeling i avdelingar og betre ljos. Det inntrykket eg fekk av «nyordninga» etter ein kort rundtur var veldig positivt.

Stykket held fram under biletet

God start på naboskapet! Kjøpmann Svenn Olav Skjeggedal på Spar Evje eit lite steinkast lenger nord på Verksmoen gratulerte Tonje og Europris med den nye butikken med ei dugeleg blautkake. Foto: Geir Daasvatn

Butikksjef Tonje var strålande nøgd då eg fekk eit par korte ord med henne innimellom alle dei travle gjeremåla ho hadde å halde greie på. Omsetninga til Europris Evje har vore rundt 45 millionar siste året.

– Me må ha mål for drifta. No går me for 50 millionar!

Lokalt eigarskap til bygget

Det er det lokale utbyggings- og eigedomsselskapet Verksvegen AS som har vore byggherre og eig bygget. Eigarar av selskapet er ERV Teknikk Evje AS (50 %) og Bjorå Eiendom AS (50 %). Bygget er så leigt ut til Europris gjennom ein 10-årsavtale. Det har kosta om lag 20 millionar kroner å sette opp. Byggeoppdraget har Smeland Byggservice hatt hovudansvaret for.

Evje si utvikling som regionalt handelssenter held fram. Me gratulerer Europris Evje med nye lokale!

Nøgde samarbeidspartnarar: F.v. Vidar Flystveit (ERV), Egil Bjorå (Bjorå Eiendom), butikksjef Tonje Kirkholm Skauen og Steinar Holte (ERV). Foto: Geir Daasvatn

Del "Nye Europris Evje opna!"

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.