Den gjevaste gaidinga er den med folk som har levd med det dei talar om. Ein slik eksklusiv gaiding fekk me i dag, på Sordal, nokre få som fekk plass i ein bil.
Tekst/foto: Olav Grendstad
Åmund Taraldson Sordal har vakse opp på Sordal, og er interessera i historie, mest den eldre, og mest den nord i Bygland kommune.
På den eine bilete (øvst på sida) syner han kor bestefar honoms fortalde kor den siste avrettinga fann stad i Setesdal. Det hendte i 1798, og den avretta var Sigurd Eivindson Sordal. I byrjinga låg det nokre steinar der. I nyare tid har staden vorte bruka som velteplass for tømmer, og sidan grodd att. Dama på same biletet er Anne Karin Stigemo, ein av dei guidande. Båe desse kan føre slekta si attende til Sigurd som ende sine dagar her på Steglefloti.
Stykket held fram under biletet

Det andre biletet syner Haugeteddan, ei rekke med fleire store furutre, vettetre frå gamalt, som ein ofra til for å blidgjere gudane. Her er det mykje historie, òg korleis trea vert gamle og fell ned i uvær. Trea stend på eit stort freda gravfelt, meir om det her.
Sogerikt område!
Elles er det mykje historie ein lokalkjend kan fortelje heilt frå ein køyrer ut på riksvegen frå Stoga, oppigjennom dalføret, og særskilt etter at ein kryssar Osebrua, og køyrer til Austad, Heistad og Sordal. Før vegen kom på andre sida av Otra i 1840-åra, var det her det budde mest folk. No er det lite trafikk her, sjølv om det er gjennomgangsveg, riktig nok noko rasfarleg, vidare til Birkeland og Straume. Me høyrde òg om lange turar på heia til jakt og arbeid, elvekryssing i båt, køyring av høy over isen når den hadde lagt seg, og elles historiar om mykje av det me såg langs vegen, og teoriar om korleis folk kom til Sordal ei gong i tida.
Stor takk til Åmund for denne omvisinga, og kan hende han kan guide ein ny tur, om det er interesse, ein spør venleg og han finn høve.
Du vil kanskje også sjå: Sordal – Vekas bilete