Vekas bilete

Sordal – Bygland

Landskapet på Sordal, sett frå Tveit. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Sordal 16. november 2018. Foto: Geir Daasvatn

Sordal er ei lita grend aust og nord for Otra, lengst nord i Bygland.

Sordalsheii (749 moh.), som me ser bak her, stig bratt opp frå elva. Vegen frå Heistad går gjennom Sordal og vidare nordover til Birkeland og Straume i Hylestad.

Sordal har flest gravhaugar av alle gardane i Bygland. Gravhaugane på Nordre Sordal
er vidgjetne. Her er det eit heilt felt på bnr. 1 med i alt 24 haugar. Gravhaugane er frå
før-kristen tid, altså jernalderen (ca år 0–ca år 1000 e.Kr.). Ein gong i denne perioden
må Sordal ha blitt bygt, mest truleg før år 650.

Fullt av spennande kulturminne

På haugane står det fleire svære furutre – «Haugeteddan» – som er freda. Det største av dei som står att kan vere rundt 500 år gamalt. Trea var vettetre, som folk ofra til for å blidgjere gudane.

På impuls

Biletet tok eg ein novemberdag i 2018. Eg trur det var litt ut på ettermiddagen. Det var særleg dei spesielle tåkeskyene som låg langs elva eg var interessert i. Eg såg dei nok då eg køyrde forbi Hegland og Tveit, på veg heim etter ein tur oppover dalen. Frå parkeringsplassen ved kyrkja på Tveit gjekk eg ned ein stig som førte ned til elvebreidda, og tok biletet over elva. Eg har laga meg ei forstørring som heng på veggen heime i mi eiga stove. Bileta blir mykje mektigare når eg ser dei i større format enn på PC-en eller mobilen.

Kjelder

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad