Hovassåna – Skrikarjuvet

Fossefall i Hovassåna i Skrikarjuvet. Foto.

Trass i det litt «brutale» namnet, finst det små idyllar overalt i Skrikarjuvet! Skrikarjuvet er eit smalt og djupt juv som Hovassåna renn gjennom før ho munnar ut i Åraksfjorden. Juvet er fullt av kjempestore, mosegrodde steinar, nedramla tre og busk og kratt, og helst litt tungvindt å ta seg fram i. Men her blei […]

Furua på Eikjåknodden – Bygland

Den vesle furua på Eikjåknodden 18. mars 2023. Foto:

Denne vesle furua står og trossar vér og vind på ein liten odde som stikk ut lengst sør på Eikjåknodden, på Bø på vestsida av Byglandsfjorden. Eg fotograferte den same furua 2. desember 2018. Ho har ikkje vekse så mykje. Ho står vel på litt skrint næringsgrunnlag. Eikjåknodden er regulert til hyttefelt. Eg håpar treet […]

Kveld over den gamle husmannsplassen

Husmannsplassen Hagen i kveldsmørket 28. november 2023. Foto.

Den gamle husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit populært fotomotiv. Her er eit sjeldan bilete av husmannsstoga i kveldsmørkret. Eg gav ut eit heilt lite hefte med bilete frå dette «berømte» og sjeldne kulturminnet i Setesdal for ei tid sidan. Der er det med eit bilete tatt i skumringa. Men ingen heilt i […]

Storstraumen frå ein annan ståstad

Storstraumen er eit av dei finaste og best kjende kulturminna i Bygland. Biletet her er frå ein annan vinkel enn dei mest vanlege. Dei fleste går nok ikkje inn under den vakre steinkvelvbrua frå 1915 for å fotografere. Men eg har vore forbi Storstraumen mange gonger for å kikke etter fine motiv. Då er det […]

Flygargravene på Bygland kyrkjegard

Flygargravene på Bygland kyrkjegard. Foto.

Per Ardua Ad Astra – Gjennom vanskar til stjernene. Det står øvst på alle gravsteinane på flygargravene på kyrkjegarden. Sju unge menneske – heile mannskapet på B-17C bombeflyet frå RAF med kjenneteikn AN 525 – mista livet då flyet deira vart skote ned av tyskje jagarfly og styrta i Songedalslia, rett nord for Melejuvet i […]

Setesdalsbautaen på Reiseodden

Setesdalsbautaen på Reiseodden. Foto.

Dette er den store bautasteinen som står ved Riksveg 9, på Reiseodden, rett sør for Bygland sentrum. Steinen er sett opp av Setesdal Regionråd. Setesdalslogoen på steinen er teikna av Ove Kjetså. Pynt og form ved Bjørgulv Bjørgum. Det står òg slike bautaer på Hedde i Valle, i Hornnes og på Lundane nord for Hovden. I tillegg står det ein bauta på fergeterminalen i Hirtshals. Meininga er å […]

Byglandsfjorden – Kjarberg

Ein blikkstille Byglandsfjorden ved Kjarberg på Nese i Bygland i mars 2020. Foto.

Byglandsfjorden er ei perle for Bygland og heile Setesdal. Ein marsdag i 2020 såg fjorden slik ut ved Kjarberg mellom Nese og Nesmoen. Eg tok dette biletet 26. mars 2020. Det var i perioden då landet just var blitt stengt ned med strenge koronarestriksjonar. Men eg våga meg ut på ein liten køyretur oppover til […]

Sordal – Bygland

Landskapet på Sordal, sett frå Tveit. Foto.

Sordal er ei lita grend aust og nord for Otra, lengst nord i Bygland. Sordalsheii (749 moh.), som me ser bak her, stig bratt opp frå elva. Vegen frå Heistad går gjennom Sordal og vidare nordover til Birkeland og Straume i Hylestad. Sordal har flest gravhaugar av alle gardane i Bygland. Gravhaugane på Nordre Sordaler […]

Bygland

Bygland og Byglandsfjorden sett frå Kvålsnapen. Foto.

Bygland kommune ligg kring Byglandsfjorden og Åraksfjorden, i hjarta av Setesdal. Det er ti mil til Kristiansand, og 36 km til næraste handelssenter Evje. Nordover er det rundt 55 km til Valle kyrkjebygd. Kommunen grensar i nord til Valle, i aust ligg Fyresdal og Åmli, i sør Froland og Evje og Hornnes, og i vest Åseral, Kvinesdal og Sirdal. Det har vore dei same grensene heile tida sidan […]

Austad kyrkje

Austad kyrkje, Bygland. Foto.

Austad kyrkje ligg på Tveit, nord i Bygland. Kyrkja ligg om lag 200 meter austafor riksveg 9, og er omgjeven av ein kyrkjegard. Arkitekten var byggmeister og ingeniør Oskar Fabricius frå Oslo Bygd i 1880 Kyrkja er ei langkyrkje i tre frå 1880, med galleri og 250 plassar. Vigslinga fant stad 7. juli 1880. Ho vart forretta av biskop Jørgen Moe. Låg […]