Vekas bilete

Byglandsfjorden – Kjarberg

Ein blikkstille Byglandsfjorden ved Kjarberg på Nese i Bygland i mars 2020. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Byglandsfjorden ved Kjarberg på Nese 26. mars 2020. Det er eitt av bileta som er med i hefta. Foto: Geir Daasvatn

Byglandsfjorden er ei perle for Bygland og heile Setesdal. Ein marsdag i 2020 såg fjorden slik ut ved Kjarberg mellom Nese og Nesmoen.

Eg tok dette biletet 26. mars 2020. Det var i perioden då landet just var blitt stengt ned med strenge koronarestriksjonar.

Men eg våga meg ut på ein liten køyretur oppover til Bygland. Det var blikk stille fjord oppover, og mange fine syn. Eitt av dei var dette her ved Kjarberg, rett sør for Setesdal Hotel.

Der er det ei lita sandstrand. Eg fant ein pinne i vasskanten og skreiv «Setesdal» i sanden. Etterpå tok eg biletet, for å ha ei lita helsing å legge ut på Setesdalssida på Facebook om kvelden.

Kjarberg er bare ein av uendeleg mange fine plassar langs Byglandsfjorden. For 10–15 år sidan visste eg knapt noko om det som fantes her. Men då eg begynte med fotografering som ein hobby, tok eg også til å kikke meg litt meir rundt enn bare å sjå fjorden frå bilvindauget. Du og du så mange fleire fine opplevingar eg fekk då!

Sykkelturar langs fjorden, bading om sommaren, båtliv, campingliv eller at du i det minste tek ein stopp eller to på høvelege stader langs vegen når du er på tur gjennom dalen kan eg sterkt anbefale.

Rett i nærleiken

Fleire bilete

Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad