Vekas bilete

Bertesknapen – Evje

Den runde kula med radaren på toppen av Bertesknapen.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Bertesknapen 17. juli 2013. Foto: Geir Daasvatn

Bertesknapen er det høgaste fjellet i gamle Evje kommune.

Fjellet er 652 meter høgt, og ligg nord-aust i Evje. Toppen er lett å sjå frå Riksveg 9. Det er fjellet med ein kvit flyradar – ein «fotball» – på toppen.

Frå toppen kan du mellom anna sjå Årdalsknapen sør i Bygland kommune, Svåbassen og Hillestadheia i Åmli, og Befjell i Froland.

Eit gjerde med ulåst port går rundt dei tekniske installasjonane for å halde dyr borte.

Flyradaren kom i full drift i 1999.

Korleis kjem du dit

Det er merka løyper til Bertesknapen både sommar og vinter. Toppen er eit populært turmål.

For å kome til Bertesknapen kan du følge Terenesvegen som tek av frå Fylkesveg 306, Gautestadvegen, ved Rassevæte, om lag 11 km frå Evje. Vegen går nordvestover på sørsida av Høvringsvatn. Siste del av turen går nesten rett sør gjennom Sintebudalen til toppen.

Du kan også starte ein gåtur gjennom fint heieterreng frå enden av Nordbøvegen i Flatebygd.

Her kan du lese mykje meir om både sykkeltur og gåtur til Bertesknapen.

Fjellet på Norgeskart.no

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire bilete

Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral
Storstraumen frå ein annan ståstad
Klepp – Evje
Bykil – Botsvatn