Vekas bilete

Skjerka gamle kraftstasjon – Åseral

Skjerka gamle kraftstasjon. Foto.
Trykk på bilete for å sjå full størrelse. Den gamle stasjonen på Skjerka 4. juli 2016. Foto: Geir Daasvatb

Arbeidet med Skjerka kraftverk starta opp i 1930. Det blei bygd ein kraftstasjon i dagen, med røyrgate ned fjellsida frå Ytre Skjerkevatn.

Kraftstasjonen ligg ved vestbreidda av Ørevatn, om lag to km frå Eikerapen.

Skjerka på Norgeskart.no.

Det gamle kraftverket hadde først tre, og seinare seks aggregat. Produksjonen starta i 1932. Årsproduksjonen var i gjennomsnitt 492 GWh. Utbygginga var den første store i Mandalsvassdraget. Dei gamle aggregata står framleis i stasjonen, og skal kunne brukast i periodar med ekstra stor tilgang på vatn.

Stor utviding under 2. verdskrigen

I mars 1938 vedtok fylkestinget å utvide kraftanlegget, med oppdemming av Nåvatn. Arbeida tok til i 1939, og stod ferdige i 1943. Då var det bygd to nye fleirbogedammar og to platedammar i søre enden av Nåvatn.

Ny stasjon i fjellet

Det blei så bygd ny kraftstasjon på Skjerka i 1997. Den nye stasjonen er sprengt inn i fjellet. Du kan skimte inngangen heilt til venstre i biletet.

Å Energi Vannkraft eig Skjerka kraftverk.

Kulturminne

Som en heilskap er kraftanlegget gitt vern som eit av kulturminna i norsk kraftproduksjon. Noko av grunngjevinga for dette er at stasjonen syner kontinuiteten i kraftutbygginga, med gamal kraftstasjon i dagen og ny i fjellhall, dessutan med dei opphavelege aggregata, i tillegg til at ein kan finne to turbintypar (Pelton- og Francis-turbinar) i same stasjon.

Kjelder

Rett i nærleiken

Fleire bilete

Kva grunna dei på? Framtida?
Hovassåna – Skrikarjuvet
Stemmen til Åmdal sag
Otra – Straume
Vestre Hodne i Hornnes
Linbekk bru – Øvrebø
Furua på Eikjåknodden – Bygland
Rygnestadlåven
Bjønnebua – Mjåland
Tveitetunet – tilbake til fortidas prakt!
Kveld over den gamle husmannsplassen
Helleren – Åseral