Øystein signerer bøker under boksleppet på Dølen Hotel 2. november 2024. Foto: Geir Daasvatn

Øystein Moi si bok endeleg ute!

Laurdag var det bokslepp på Dølen Hotel på Evje. Øystein Moi er endeleg ute med den etterlengta «Moi møter mennesker».

Det er ei portrettbok der lesaren får møte meir enn 100 ulike personar Øystein har truffe på reise rundt om på store delar av Agder. Dei fleste stykka er tidlegare publiserte i Fædrelandsvennen, der Øystein hadde fast spalteplass 2015–2019.

Øystein skriv sjølv i innleiinga:

Eg tok meir enn gjerne kontakt med lokale kvardagsheltar – menn og kvinner, som du elles ikkje les om i avisa til dagleg.

Øystein er etter mi meining ein fantastisk skribent. Han blandar på eit forunderleg vis saman skjemt og moro med det mest alvorlege, og får teksta til å verke veldig ekte og mange gonger beint fram gripande. Eg trur dei aller, aller fleste av dei som har fått portretta sine med i boka inst inne er litt stolte over korleis dei er framstilte for omverda!

Svein Salve ordna opp!

Svein Salve med kaffikanna på Dølen Hotel 2. november 2024. Foto: Geir Daasvatn

Det blei eit voldsomt kjør på Dølen. Det var mest så det ikkje var plass til alle som ville møte Øystein og kjøpe boka. Folk stod visst i kø i opp mot ein halvtime på det meste! Heldigvis var ein fint oppdressa Svein Salve Lislevand hyra inn som servitør og hjelpar. Han sørga for at alle blei trakterte med både kaffi og kveitebollar i ventetida, på det mest imøtekomande og galante vis. Innimellom alt styret med å servere kaffi så elegant som bare han kan, samstundes som han veksla venlege ord med alle, måtte han stadig ut i bilen og hente nye esker med bøker. Det seier sitt om det enorme «trykket» det var på dette boksleppet, at den ellers så hardbarka og gjennomtrente vegvaktaren til slutt utbraut:

Dette er mykje hardare enn å vere vegvaktar!

Eg veit ikkje om Øystein selde heile 1. opplaget denne første dagen. Men uansett er det ikkje lenge før han må trykke opp nye bøker, for denne portrettboka er alt svært ettertrakta 💝

Del "Øystein Moi si bok endeleg ute!"