Ein spektakulær start på turen! Prestefossen hengebru 15. juni 2023. Foto: Geir Daasvatn

Prestefossen tursti – Valle

Ei unik turløype gjennom spennande kulturlandskap – ei tidsreise gjennom 1000 år!

Prestefossen tursti tek til frå Valle sentrum, og går over Prestefossen hengebru til Nomeland på andre sida av Otra. Du kan også parkere bilen eller sykkelen på parkeringsplassen ved innkøyringa til Steinsland frå Riksveg 9 (nord for brua, nord for sentrum).

Turen held fram under biletet

Prestefossen tursti gjennom idyllisk skog. Foto.
Delar av løypa går gjennom idyllisk skogsterreng. Foto: Geir Daasvatn

Unike opplevingar langs løypa

Der kan du velge mellom tre spennande sløyfer, og legge ut på ein fin vandretur gjennom det unike kulturlandskapet. Du kjem til dømes forbi den svære Nomelandshaugen. Eit anna veldig spennande kulturminne langs stien er den gamle kyrkjegarden på Nomeland. Ved enden av brua på Nomelandssida er det ein fin aktivitetspark. Du kjem også forbi Valle Via Ferrata, den spektakulære jernvegen opp Nomelandsfjellet. Pluss mykje anna interessant som du må ta turen sjølv for å studere nærare.

God informasjon

Fleire stader langs turløypa har Valle kommune sett opp info-tavler med interessante opplysningar. Dei bidreg til å sette ein ekstra spiss på vandringa.

Prestefossen tursti er statleg sikra friluftsområde.

Kart over området. Du ser tursløyfene som raude stipla liner på kartet.

Sjå også

Informasjonstavle langs turstien. Foto.
Den gode merkinga av løypa, og dei fine info-tavlene, set ein spiss på turen! Foto: Geir Daasvatn
Del "Prestefossen tursti – Valle"