«Friluftsbussen» på Storøy i Otra på Granheim, 2019. Foto: Geir Daasvatn

Setesdal Bilruter nr. 22 – «Friluftsbussen»

På Storøy midt ute i Otra på Granheim i Bygland står Setesdal Bilruter sin buss nr. 22 parkert. Truleg for godt.

Bussen var den første i Bilruta med radio og høgtalaranlegg. Mellom skuleelevane i Årdal sokn hadde han tilnamnet «Friluftsbussen», fortel Reidar Tveito i den framifrå boka si Riksveg 9. Bruer og særtrekk langs vegen (Byglandsfjord 2014, s. 125).

Saka var at skuleelevar frå Årdal på denne tida følgde bussen til skulen på Bygland om morgonen. Bussen gjekk vidare til Valle, og tok elevane med heimover igjen om ettermiddagen.

Ein dag bussen var på veg sørover frå Valle stoppa sjåfør Olav Omnes brått ved Svoan. Det er mellom Reiårsfossen og Støylehommen på Ose. Han måtte ut av bussen for å fjerne nokre isklumpar i vegen. Plutseleg la han på sprang det han var god for! Eit nytt isras kom susande ned fjellsida og knuste alle vindaugo på innsida av bussen. Ingen blei skadde, ikkje sjåføren heller. Men passasjerane var rimelegvis litt skjelvne etter hendinga. Denne historia har Gunhild Lindland Møllerløkken fortald.

Reidar TVeito på Smiesvingstien på Byglandsfjord. Portrettfoto.
Reidar Tveito på oppdagingsferd langs Smiesvingstien på Byglandsfjord 3. juli 2017. Foto: Geir Daasvatn

Skuleelevane kom på bussen på Bygland, og fekk seg ein luftig tur heim, skriv Reidar. «Etter dette kalla me buss nr. 22 for Friluftsbussen», avsluttar han den dramatiske forteljinga i boka. Av samanhengen må me vel då gå ut frå at ein ung Reidar var med på den luftige bussturen for kanskje 60 år eller så sidan!

Del "Setesdal Bilruter nr. 22 – «Friluftsbussen»"