Setesdal Sogelag heldt årsmøte på Sæbyggjen i Valle tysdag kveld 17. mars.
Vidar Toreid ynskte oss velkomen. Opp mot 40 personar var me som gjerne ville få med oss årsmøtet og kanskje spesielt Vidar Hallvardson Frøysnes sitt innslag etterpå om 50 år i musikken i Setesdal.
Dei formelle sakene gleid raskt unna. Det var ikkje nødvendig med stemmesetlar og oppteljing. Alle avgjerdsler var ved samstemt akklamasjon.
Diverre var kasserar og styremedlem Torgrim Nordgarden blitt forhindra frå å kome før møtet. Årsmeldinga og reknskapen kunne då ikkje bli lagt fram for godkjenning. Styret fekk fullmakt til å legge desse papira fram for medlemene seinare.
Etter framlegg frå valnemda – som hadde gjort eit bra stykke arbeid i god tid før årsmøtet – blei styret for 2026 sjåande slik ut:
- Knut Olav Uppstad – leiar (ny)
- Monica Wathne – styremedlem (ny)
- Jan Olaf Rysstad – styremedlem
- Morgan Igland – styremedlem
- Tarald Rike – styremedlem
- Vidar Toreid – vara
- Angerd Gjerden – vara
- Kjell Ove Tveiten – vara
Stykket held fram under biletet

Redaktør for det etter kvart så omtykte årsskriftet Setesdal og setesdølar, Leif Kvinlog, heldt eit veldig fint og humoristisk minikåseri om arbeidet med bladet og kor viktig det er at me tek vare på historia før det er for seint. Etter mild oppfordring frå møteleiar Vidar Toreid sa Leif seg utan spor av tenkepause klar for minst eitt år til på redaktørkrakken.
Byklesuppe frå Hege Cecilie
Med dei formelle avgjerdene gjort unna på kort tid var det rom for ein liten matpause og røding mellom vener og gamle kjende. Hege Cecilie Trydal i Bykle haddde stelt i stand ei smakfull Byklesuppe med lekkert tilbehør. Det dufta så lifleg frå kjøkkenet då suppa var under oppvarming at det truleg forkorta det allereie raske, formelle årsmøtet med fleire minutt! Angerd Gjerden, Torhild Sandnes, Karin Bøe og Morgan Igland var kjøkkensjefar og sørga for at alle fekk det dei trong av mat, påfyll og vel så det. Med kaffi og kake attåt var det servering som på den finaste restaurant.
Musikaren – og forteljaren – Hallvardsson
Det var dermed klart for kveldens høgdepunkt – Vidar Hallvardson si forteljing om eit heilt liv i musikken i Setesdal. Det var eit engasjert, humørfylt og særs interessant føredrag over dei over 50 åra han har hatt som musikar. Bakgrunnen var det store stykket han har med om dette livet i årets utgåve av årsskriftet til sogelaget. Vidar veit eg jo er ein dyktig og allsidig musikar. Men for ein stor forteljar han óg er! Eg let det bli med det. Å gje att den sprudlande forteljinga her blir berre som ein bleik skugge. Du må mykje heller springe og få tak i årsskriftet og lese heile den eminente historia sjølv. Det er kulturhistorierforteljing av ypparste merke.
Vidar avslutta kvelden med Filleværen på munnharpa. Me kunne oppløfta og berika ta fatt på heimturen i skodda og duskregnet, frå den kulturengasjerte, utrøyttelege Gerd Fosse Hovden i nord til underteikna «blåmann» heilt i sør. Pluss alle imellom der – i vår gode Setesdal.
Takk for den givande kvelden.
