Byglandsfjorden og Setesdal sett frå Horgeknipen. Foto: Geir Daasvatn

Setesdalswiki i full gang igjen!

Setesdalswiki har vore gjennom ein periode på eit par månader med oppgraderingar, bytte av serverar og anna teknisk vedlikehald. Nå er nettleksikonet tilbake i full drift.

Helge Haugland var teknisk ansvarleg for wikien. Han var eldste son til Reidun og Harald Haugland. Helge døydde diverre 3. november 2022, etter ei tids sjukdom. Eg skreiv litt om dette i ein artikkel i november:

Etter den triste bortgangen til Helge, var det naudsynt med ein pause i drifta av wikien. Nå har bror til Helge, Sigmund Haugland, overteke ansvaret for det tekniske opplegget. Det er me som skriv på wikien veldig takksame for. Det hadde vore leit om dette storverket nå måtte legge inn årene, etter snart 14 års drift. Sigmund har gjort dei oppgraderingar og andre grep som måtte til, og fått nettleksikonet i gang igjen.

Det er ei stor mengde informasjon å finne om Setesdal på Setesdalswiki. Er du ikkje så kjend med nettleksikonet? Start opp med artikkelen om Setesdal og sjå kor det fører deg hen!

Del "Setesdalswiki i full gang igjen!"