Utsyn utover Rygnestad frå Slengen i kveldinga 11. desember 2023. Foto: Geir Daasvatn

Slengen – Rygnestad

Måndag 11. desember fekk eg teke meg ein av dei litt for sjeldne turane oppover i dalen. Då nytta eg høvet til ein liten spasertur oppover i jorda bak Rygnestadtunet, til den gamle husmannsplassen Slengen.

Slengen ligg rett ved den fyrste kvasse svingen i heievegen frå Rygnestad, heiter det i Gards- og ættesoga for Valle, så namnet kjem seg av det.

Plassen blei dela frå Krone, bnr. 6 i Syndre Rygnestad, i 1906. Men det er grunn til å tru at husmannsplassen har vore nytta frå lenge før det. Sigurd Sigurdsson Rygnestad (f. 1886, d. 1931) fekk skøyte i 1907. Før han døydde i 1931, testamenterte han det han eigde til farbrorer Jon Torsson i Amerika. Jon kom heim til Valle i 1933, og budde i Slengen til han døydde i 1935.

Det har ikkje budd folk i huset etter 1935.

Slengen er eit verdfullt kulturminne, og blei fint restaurert rundt 2014–2015. Du kan lese meir om husmannsplassen og restaureringsarbeidet i eit anna stykke her på Setesdalssida. Staden blir teken vare på av Setesdalsmuseet.

Kjelder

Del "Slengen – Rygnestad"