Straumsfjødd. Straume t.h. Otra i framgrunnen. Foto: Geir Daasvatn

Straumsfjødd

Straumsfjødd, eller Straumsfjellet som det står på mange kart, er eit langt og stupbratt fjellparti aust og nord for Straume i Hylestad i Valle.

Du ser fjellet veldig godt, på andre sida av Otra, når du kjem farande på Riksveg 9 forbi Helle. Det strekk seg frå Andenapet, som du ser i bakgrunnen på biletet, til Kvinnåne som renn ned Straumsjuvet. Frå Helle Camping er det mogleg å få klatre Via ferrataen i fjellet. Ei fantastisk oppleving, seiast det, av dei som har våga seg til å prøve.

Det er to toppar på fjellet. Toppen i sør er 846 meter høg, toppen i nord er 766 meter.

På Straumsfjødd skal siste veten i Setesdal ha stått. Han vart tent i 1870-åra av vanvare
og brann då opp, skriv Gunnar Rysstad i Norske Bygder – Setesdalen (1921).

Under striden om EEC (EU) vart det bygt ein ny vete og tent på. Torleiv H. Bjørgum har i Jol i
Setesdal 1974 diktet Viten på Straumsfjødd som handlar om dette.

Ved inngangen til nytt tusenår vart veten bygt opp att og sett fyr på. Det same skjedde med fleire andre veter i Setesdal.

Eit mektig fjell! Straumsfjødd sett frå andre sida av Otra 15. mai 2016. Foto: Geir Daasvatn
Del "Straumsfjødd"