Årdalsvegen – fin køyretur i nydeleg heieterreng!

Årdalsvegen. Foto.

Dette er ein privat skogsbilveg som går frå Haugetveit i Åraksbø om lag 10 kilometer austover forbi Heimre Grunnevatn og Austre Grunnevatn i Bygland austhei til Åraksåna (Tovdalselva) i Årdalen. Årdalsvegen går gjennom eit naturskjønt heieområde. Ved enden av vegen er du altså inne i Årdalen, eit freda naturreservat som strekker seg sørover heilt til Rjukanfossen i Tovdal. Dette er eit større, samanhengande naturområde som er lite påverka av menneskelege inngrep. […]