Oljemeklaren som slo seg ned på Hannåsvollen

I meir enn sju år reiste Kjersti Våge i teneste som godt løna oljemeklar på den internasjonale marknaden. Kontoradresse i hovudstaden – ein hektisk og stressande kvardag som ho så avgjort ikkje lengtar attende til. Tekst/foto: Øystein Moi – Det einaste eg produserte var pengar. Ei kald og upersonleg bransje. Brått ein føremiddag kom det […]
Odd Harald Robstad: Heidra av Kongen, ordføraren og idrottslaget

Han vart aldri innskriven som elev på Hornnes Gymnas, men han tok på mange måtar ein grusom hevn då han i toleg vaksen alder kom attende som lærar ved den same skulen. Tekst/foto: Øystein Moi Han vart verande på sin post i 34 år – som kroppsøvingslærar. Ei teneste som sette djupe spor etterseg både […]
Fransk konfekt og ekte kjærleik

Eigentleg skulle Olav Lidtveit kunne sjå attende på ei lang og trugen teneste som offiser i Hæren. I Forsvaret. Det norske. Tekst/foto: Øystein Moi Lagnaden ville det annleis. Kjærleiken til heimbygda, og drøymen om det gode og frie livet på landsbygda vart avgjerande. Feltuniforma vart send til kjeldesortering. Kaptein Lidtveit dimmiterte i det stille. Utan […]
Else Haugland – Tøffaste jenta i dalen

Ho er mykje truleg den einaste jenta frå Moisund som nokon gong he vandra i fotefara åt sjølvaste Fridtjof Nansen. Tekst/foto: Øystein Moi Ho er garantert den einaste jenta frå Moisund som nokon gong he kryssa Grønlandsisen på ski. Else Haugland tek i mot bladfyken heime i kjøkkenkroken ein myrk og vindfull vinterkveld, få dagar […]