Spennande bokprosjekt om Hovassåna

Me er ein liten gjeng med lokale entusiastar som er godt igang med å skrive bok om dei mange og spennande kulturminna og aktivitetane knytta til Hovassåna i Åraksbø. Elva renn frå det svære Hovatn oppe i heia ned til Åraksfjorden. «Me», ja det er Bjarne Nordgarden, Knut Haugetveit, Knut Gakkestad, Olav Øygarden, Olav Lidtveit […]
Boklansering med Vidar Lande på Syrtveit Gard!

Tysdag kveld blei den nye boka til Vidar Lande lansert på Syrtveit Gard. Ho har tittelen «Mellom aust og vest. Folkemusikk i Evje og Hornnes». Den flotte konferansesalen på Syrtveit Gard var fullpakka av spente folk. Harald B. Knutsen frå Agder Folkemusikkarkiv var her, og festa den fine kulturkvelden til filmen for ettertida. Kari Stulien […]
Gjevt med Setesdal og setesdølar!

Setesdal og setesdølar, årsskriftet til Setesdal sogelag, er i handelen. 2023-utgåva er 9. årgangen, og – igjen – verkeleg fint lesestoff. Årsskriftet følger same låma som tidlegare år, med nokre innleiande ord frå leiaren i sogelaget VIdar Toreid og redaktøren Torgeir Moseid. Torgeir gir seg nå som redaktør, etter å ha hatt ansvaret for dei […]
Reidar Tveito – historieskrivaren på Byglandsfjord

Reidar Tveito på Byglandsfjord var sagbruksarbeidar det meste av yrkeslivet. Heilt frå ungdomstida på byrjinga av 1960-talet har han vore ein ivrig fotograf. Etter at han blei pensjonist, har han gitt ut ei lang rekke bøker og hefte med lokalhistorie og bilete frå Byglandsfjord og dei næraste områda rundt. Det kunne vore skrive ei heil […]