Koseleg jolemarknad på Ose!

Vigdis Beisland og Nina Bygland. Foto.

Det var ein veldig triveleg jolemarknad på Ose grendehus laurdag. Det var fullt av folk, spennande utstillingar og god graut! Facebooksida til Bygland Husflidslag Eg telte ikkje opp kor mange utstillarar som var med. Men det var temmeleg fullt rundt veggane. I midten av den store salen sat folk og koste seg med god mat […]

Skjoldmøynuten ved Åraksfjorden

Toppen av Skjoldmøynuten med sittebenker. Foto.

Skjoldmøynuten er eit fjell med flott utsikt utover Åraksfjorden, omtrent midtvegs mellom Frøysnes og Ose. Det går ei kort, men veldig idyllisk turløype opp til toppen frå Andvorvegen ved Store Reiårsvatn. Du kan også følge merka stig vidare sørover til Geitryggen, eit anna veldig fint utsiktspunkt. Skjoldmøynuten er ein av toppane i #bygland23. I artikkelen […]