Skjoldmøynuten 24. juni 2023. Foto: Geir Daasvatn

Skjoldmøynuten ved Åraksfjorden

Skjoldmøynuten er eit fjell med flott utsikt utover Åraksfjorden, omtrent midtvegs mellom Frøysnes og Ose.

Det går ei kort, men veldig idyllisk turløype opp til toppen frå Andvorvegen ved Store Reiårsvatn. Du kan også følge merka stig vidare sørover til Geitryggen, eit anna veldig fint utsiktspunkt.

Skjoldmøynuten er ein av toppane i #bygland23. I artikkelen om fjellet på Setesdalswiki kan du lese om den spennande historia bak namnet!

Korleis kjem du hit

Når du er på Ose, langs Riksveg 9 omtrent midt i Setesdal, skal du ta Reiårsvatnvegen oppover lia forbi Reiårsfossen til Store Reiårsvatn. Det er ein bomveg. Du betaler 100 kroner for ein dagstur. Du kan betale med Vipps eller kontant i ei kasse der vegen tek til.

Gåturen tek til frå Andvorvegen

Her ved bommen tek turen til. Foto: Geir Daasvatn

Vel oppe på toppen av kleiva, med vatnet rett framføre deg, tek du til venstre. Du følger vegen om lag 1 km sørover. Snart kjem du til eit kryss med ein stor parkeringsplass. Der vil du sjå starten på Anvorvegen med bom. Her set du ned bilen, og spaserturen startar. Gåande, syklistar og folk på ski er hjarteleg velkomne til å bruke vegen.

Du går først nokre hundre meter oppover den ganske bratte skogsbilvegen. Ved ei myr på venstre side ser du at stigen tek til. Litt inne ved dei første trea er det også ei pil som syner vegen vidare. Det er ikkje vanskeleg å finne fram.

Stigen vidare er merka med blå merke på steinar o.l. Der det kunne vere tvil om kor du skal ta vegen, er det skilt som oppklarer det. Løypa går ganske bratt oppover, med eit par små myrer innimellom. Men det er lett å gå på den fine skogsstigen, og du treng absolutt ikkje å klatre!

Dei få plassane du kan bli litt i tvil om vegen vidare, blir tvilen fort oppklart! Foto: Geir Daasvatn

Det er ikkje langt å gå. Frå parkeringsplassen til toppen av Skjoldmøynuten brukar du kanskje rundt 20 min. alt etter dagsformen og om du har hastverk eller ikkje.

Forleng turen til Geitryggen

Litt før du kjem til toppen står det skilt som viser veg sørover mot Geitryggen. Eg har ikkje gått der. Men Geitryggen er sagt å vere vere eit endå finare utsiktspunkt utover Åraksfjorden. Så om du er i godt slag, kan du jo legge inn ein avstikkar dit. Då får du ein mykje lengre tur, om du ønsker det.

Ha ei fabelaktig fin oppleving!

Kart over området

Rett i nærleiken

Meir om Bygland

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Skjoldmøynuten ved Åraksfjorden"