Marita Bransdal Hodne, Svein Birkeland og Thomas Christian Malm blei alle tildelt Otra IL sin Ærespris under årsmøtet på Otrahuset på Evje tysdag kveld 19. mars.
Otra IL sin Ærespris er den høgaste utmerkinga i idrettslaget etter Æresmedlemskap. Prisen kan bli tildelt for både aktiv innsats og administrativt arbeid. Med dei tre siste æresprisane har 54 Otra-medlemer fått denne høgthengande utmerkinga sidan idrettslaget blei skipa i 1960.
Otra IL sin avtroppande leiar Else Haugland delte ut æresprisane saman med dagleg leiar Tony Halsall. Dei tre mottakarane fekk diplom og blomar som synlege bevis på æresprisen, men også fine og vel fortente ord om den viktige innsatsen dei har gjort og gjer for idrettslaget og medlemene. Alle tre er spesielt opptekne av arbeidet for barna og ungdomane i bygda, og har lagt ned mykje av den frivillige innsatsen sin mellom dei. Her kan eg bare ta med nokre få stikkord om dei særs verdige prismottakarane.
Marita Bransdal Hodne
Marita har gjennom årtider vore trenar for fleire handballag, frå dei starta opp med handball og fram til endt ungdomsskule. Det er gjerne 7–8 år pr. lag! Ho er ein veldig trufast dugnadsarbeidar der det er behov. Ho har også sjølv vore aktiv handballspelar på høgt nivå.
Svein Birkeland
Svein har vore ein eineståande bidragsytar i fotballgruppa over mange år. Han stiller opp både som trenar og har leiarverv. Han er også ein svært aktiv dugnadsarbeidar, som brøyter fotballbanen og tek seg av mange andre «vaktmeisteroppgåver» på og rundt fotballbanen.
Thomas Christian Malm
Thomas har vore primus motor, leiar og hovudtrenar for badmintongruppa heilt sidan oppstarten i 2015. Han har vore styremedlem i hovudstyret i Otra IL sidan 2016. Han har sjølv vore badmintonspelar på høgste nasjonale nivå, men då i ein annan klubb før han kom med i Otra IL.
Gratulerer Marita, Svein og Thomas!
Les også: Otra IL og Evje og Hornnes Sparebank forlengar samarbeidet med tre nye år