Rita Flottorp frydar seg på tur til Kleveknutten på Hannås i Hornnes. Foto: Geir Daasvatn

Turtips på Setesdalssida.no

Eg har begynt å legge inn nokre turtips på Setesdalssida.no.

Visit Setesdal, kommunane i Setesdal (til dømes Valle og Evje og Hornnes), UT.no, Olav Grendstad på Stoga/Turistinformasjonen i Bygland og mange andre har nettsider med knallfine turforslag i Setesdal. Du kan også stikke innom alle turistinformasjonane i dalen, og mange av reiselivsverksemdene m.v., og få gode turforslag på papir m/kart. Det er supert!

Men ofte gjeld dette dei mest kjende eller spektakulære turløypene. Eg har ei innstilling til livet der eg gledar meg veldig over vanlege kvardagar og «småting». Små underverk i kvardagen, så og seie. Difor har eg hatt mange store opplevingar rundt omkring i Setesdal, også langt utanfor dei mest populære turløypene.

Ein fin tur treng ikkje å vere til den mest spektakulære fossen

Å vere ute i skog og mark er godt for både kropp og sjel. Turmålet treng ikkje å vere den høgaste fjelltoppen i kommunen, eller den mest spektakulære fossen. Ein kort tur i nabolaget, eller ein roleg sykkeltur langs ein gruslagt landeveg ein varm sommarkveld, kan òg vere ei fin og givande oppleving.

Saka held fram under biletet

Storetjønn, Bykle. Foto.
Storetjønn på veg innover til Nordbygdi i Bykle er eit «kortreist» men utruleg fint turmål. Foto: Geir Daasvatn

Ved å fortelle litt om nokre plassar eg har vore, og som ikkje alltid er med i dei offisielle turoversiktane, håpar eg å inspirere endå fleire til å ta seg ein tur ut i skog og mark. Samstundes vonar eg å kunne fortelle litt meir om nokre av dei fantastiske skattane som finst rundt om i heile dalen. Vakre, gamle kulturminne, naturperler og alt mogeleg anna som finst der ute, og som det kanskje ikkje er fortald så mykje om på verdsveven. Turen blir liksom litt ekstra stas, om du langs stigen kan beundre eit gamalt kvernhus eller kanskje ein stor stein som det knyter seg eit segn eller to til.

Saka held fram under biletet

Husmannsplassen Plasset på Ose. Foto.
Plasset ligg skjult inne i skogen bare nokre få hundre meter frå Ose Turistheim. Ein fin, liten avstikkar etter god mat på Turistheimen. Foto: Geir Daasvatn

Eit mål kan vere 100 turtips i Setesdal

Heime hos meg sjølv, i Evje og Hornnes, har eg skrive om lag 80–90 små artiklar med turtips i min kommune. Eg er ikkje like sprek som på fotballbanen i ungdomstida lenger. Eg kjem meg ikkje så veldig langt til fots. Men eg vil då tru at eg kan kome meg litt rundt i Setesdal òg, så lenge det ikkje er alt for langt oppe i fjellheimen.

Ut av desse småturane mine vil eg lage nokre korte og veldig enkle turskildringar. Dei ligg samla under ein eigen kategori innlegg på sida, «Turtips». Om du klikkar på dette stikkordet oppe i venstre hjørnet på innlegg som ligg på framsida på Setesdalssida, kjem alle turforslaga som er laga så langt opp samla. Nye kjem til frametter sommaren.

Ha ein fin tursommar!

Bøgruva, Valle. Foto.
Bøgruva 16. juli 2018. Eit spennande turmål, rett i «nabolaget»! Foto: Geir Daasvatn
Del "Turtips på Setesdalssida.no"