Heddessteinen
Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle. Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal. Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord […]