Fylkesvaraordførar Rune André Sørtveit Frustøl var ein særs velkomen gjest då Setesdalsmuseet laurdag 11. juli feira at Tveitetunet er restaurert og opent for publikum igjen.
Rune sette tonen for opningsarrangementet med nokre velvalde ord. Han meinte dagen handla om meir enn eit bygg. Det var tale om historie, identitet og fellesskap.
Det handlar om å ta vare på det som har forma oss og gje det vidare til dei som kjem etter oss, understreka han.
Han peika på at bygningane fortel historiar. Historiar om kvardagsliv og fest, om slit og samhald, om tradisjonar og kunneskap som har gått i arv.
Sam Eydes vidaregåande skule
Rune ville gjerne lyfte fram innsatsen til elevane ved Sam Eyde vidaregåande skule. Gjennom bygningsvernet hadde dei fått sjansen til å vere med i det viktige arbeidet. Gjennom arbeidet hadde dei fått ikkje berre praktisk erfaring, men også blitt del av ei større forteljing om bevaring av kulturarv.
Han understreka at prosjektet med å restaurere hovudbygningen på Tveitetunet var heilt i samsvar med dei overordna måla i Regionplan Agder 2030. Planen er vedtatt av Fylkestinget. Det er lagt vekt på å ta vare på kulturarven som ein ressurs for utvikling. Med det siktar politikarane ikkje berre til noko dei vil verne, men noko som me alle aktivt skal bruke og skape verdiar av – kulturelt og samfunnsmessig.
Agder fylkeskommune med i finansieringa
Det omfattande prosjektet med å restaurere hovudbygningen i Tveitetunet hadde ikkje vore mogeleg å gjennomføre for museet utan økonomisk stønad.
Agder fylkeskommune har bidrege til finansieringa fordi vi meiner det er viktig å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane våre. Dette er ei investering i identiteten vår og i kunnskapen vår. Og i framtida vår.
Rune heldt fram:
Eg håpar barn og unge vil kome hit og bli nysgjerrige på historia vår. Eg håpar at lokalsamfunnet vil bruke staden aktivt. Til arrangement, møteplassar og gode opplevingar. Og eg håpar at besøkande frå nær og fjern vil få eit innblikk i den rike kulturarven Agder har å by på.
Lat oss i dag ikkje berre feire eit ferdig restaurert bygg, men også feire samarbeidet, dugnadsånden og viljen til å ta vare på det som betyr noko.
Den engasjerte politikaren gratulerte alle involverte med eit flott resultat og erklærte Tveitetunet for offisielt opna!
Les også: Ordførar Lars Tarald Myrum sin tale ved «nyopninga» 11. juli 2026