Ånebjør 12. juli 2015. Me skimtar Logna til høgre. Foto: Geir Daasvatn

Ånebjør – Bygland

Ånebjør er ein heiegard langt inne i fjellheimen i Bygland vesthei, på grensa mot Åseral. I utstrekning er han den største i Bygland kommune.

Garden ligg vakkert til ved elva Logna, nord for Beinsvatnet og Juvatn. Han er først omtalt i skriftlege kjelder i 1647. I 1875 var det tre bruk på Ånebjør. Dei hadde hestar, kyr, sauer og geiter. Jakt og fiske gav òg gode inntekter.

I 1908–1913 kjøpte Oscar Jebsen eigedomane. Dei blei skøytte over på borna. I dag er det dei mange etterkomarane etter Oscar og kona Margit som har eigarskapen. Dei har ein sameigeavtale for garden.

I 1971 slo lynet ned og både stovehuset (forpaktarbustaden) og driftsbygningen brann opp. Eit stabbur stod att.

Det er i mange år arbeidd for å bygge ein veg over Ånebjør for å binde Setesdal og Bygland saman med Åseral. Så langt er dette aldri blitt noko av.

Rundt 1920 bygde Oscar Jebsen veg sørover til den dåverande fylkesgrensa ved Beinsvatn. Men først i 1965 blei veg ned til Helleren i Åseral ferdig. I samband med kraftutbygging (Juvvatn er regulert) vart det bygd fylkesveg frå Tjaldal til Bortelid og vidare til Beinsvatnet.

Korleis kjem du hit

Den enklaste tilkomsten til Ånebjør er å køyre til Lognavatn i Åseral, vidare til Bortelid og derfrå langs Juvatn til parkeringsplass ved Beinsvatn. Då er du mest nøyaktig på kommunegrensa mellom Bygland og Åseral. Vegen vidare er privat og stengt med bom. Der set du difor ned bilen, og syklar eller går dei om lag fire kilometerane inn til Ånebjør.

Staden er som nemnt i privat eige. Hugs at det er i utmarka me kan ferdast fritt, så lenge det skjer på ein omsynsynsfull måte.

Du kan sjølvsagt også parkere på Bortelid, og ta ein litt lengre sykkeltur. Det er spennande ting å sjå langs Juvatn òg.

Det går ein gamal ferdsleveg frå Ånebjør om Myhola ned til Skomedal i Bygland. Eg har ikkje testa den vegen ut. Men turistsjefen i Bygland, Olav Grendstad på Stoga, gjekk her for ikkje så lenge sidan. Han kan heilt sikkert gi råd om vegval m.v. om du ønsker å prøve ut den ruta.

Kart over området

Kjelder

Allemannsretten (opphald, ferdsle, hausting m.m.) gjev oss fantastiske moglegheitar til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Dette har me full rett til, så lenge me følger dei reglane som gjeld, og tek omsyn til grunneigarar, hyttebuarar, kvarandre, planter og dyr. Ekstra omsyn må me ta til landbruket og skogbruket, som har næringa si i naturen. Så vis alltid omsyn og ver varsam når du ferdast ute i skog og mark. Naturen er det felles skattkammeret vårt!

Del "Ånebjør – Bygland"