Juvassdammen – Åseral

Juvassdammen, Åseral. Foto.

Juvassdammen er ein 46 meter høg betongkvelvdam i sørenden av Juvatn i Lognavassdraget i Åseral. Han stod ferdig i 1958. Eigentleg er det to dammar her, den høge Juvassdammen og ein lågare, men lengre platedam i betong rett vest for hovuddammen. Dei to dammane demmer opp Juvatn til magasin for Logna kraftverk ved Lognavatn. Magasinet kan romme heile 142 millionar kubikkmeter vatn. Du kan […]

Bossvassdammen

Bossvassdammen, Bykle. Foto.

Bossvassdammen demmer opp Botsvatn (Bossvatn) i Nordbygdi i Bykle til magasin for Brokke kraftverk. Botsvatn er ein om lag 14 km lang innsjø. Den inste (vestlege) delen av vatnet vert kalla Botnen. Gardane der er Bratteli, Bratteland og Dysje. Namnet på vatnet skal referere seg til dette. 31 km tunnel til Brokke Vatnet er regulert […]

Vatnedalsdammen

Vatnedalsdammen, Bykle. Foto.

Vatnedalsdammen er ein steinfyllingsdam i austenden av Vatnedalsvatnet i Bykle. Han er 120 meter høg, og ein av dei høgaste dammane i Europa. Ved foten er dammen 365 meter brei, og massevolumet er på 4,2 mill m³. Anlegget (hovuddam og sekundærdam) vart opna 4. oktober 1983 av dåverande olje- og energiminister Kåre Kristiansen.Vatnedalsvatnet har ein […]

Dam Sarvsfoss – Bykle

Dam Sarvsfoss over Otra, Bykle kyrkjebygd. Foto.

Dam Sarvsfoss er ein 50 meter høg, spektakulær betongdam ved Sarvsfossen i Otra i Bykle kyrkjebygd. Det er imponerande ingeniørkunst, godt passa på av eit svært troll! Dammen er 142 meter brei og hevar vasstanden i elva med 40 meter. På toppen av dammen er det bru med bilveg til Stavenes. Dammen er den mest synlege delen av Brokke Nord, som vart […]

Dammane ved Skjerkevatn

Dam Skjerkevatn, Åseral. Foto.

Ved Skjerkevatn oppe i heia vest for Ørevatn i Åseral er det bygt to svære steinfyllingsdammar som demmer opp det vatnet og Nåvatn til eitt stort, samanhengande magasin for Skjerka kraftverk. Dei to nye dammane erstatta fem gamle betongdammar i Skjerkevatn og Nåvatn. Dammane er spektakulære byggverk, som det er ei stor oppleving å kikke nærare på. Etter […]