Postvegen – alltid nye skattar å finne!

Murar etter Postvegen i skogen på Vikhepte i Kyrkjeviki ved Rakkenes 13. mars 2024.

Ved Rakkenes er det mange spor etter Postvegen frå 1840-talet. Men sanneleg hadde eg ikkje oversett eitt av dei finaste! I 2018 kom den eminente boka Frå postveg til riksveg – vegar og vegminne langs riksveg 9 ut. Leonhard Jansen har skrive teksten. I arbeidet hadde han god hjelp av av eit heilt team; Pål […]

Turtips: Bygdeborgene i Evje og Hornnes

Utsikten utover landskapet fra Kallshovet. Foto.

Det har vore fem kjende bygdeborger i Evje og Hornnes. Ved sida å vere spennande kulturminne er dei fine turmål. Det går mot vår, og snart smeltar snøen vekk. Du er kanskje ein av oss som då finn glede i å kome ut på tur på beina i skog og mark. Dei fem bygdeborgene i […]

Futevegen – Vegusdal

Futevegen med bru i skumringa. Foto.

Futevegen i Vegusdal var ein del av det gamle vegsambandet mellom Evje og Frolands Verk. Han blei bygd som hjulveg på 1840-talet, men var i bruk som ride- og kløvveg lenge før det. I dag er vegen delvis restaurert og merka som turløype, og er ein del av den kulturhistoriske løypa som kallast Allmannavegen. Start frå Vegusdal […]

Kulturminnesøk – ei skattekiste

1879-vegen ved Byklestigen. Foto.

Her har du eit kjempebra hjelpemiddel for å finne spennande kulturminne i nabolaget ditt! Slik skildrar Kulturminnesøk sjølv verksemda si (lett omskrive til nynorsk): Kulturminnesøk er ei nettside der du finn informasjon om kulturmiljø, kulturminne og landskap. I Kulturminnesøk er det over 220.000 objekt. Freda bygningar, freda kulturmiljø, verdsarvstader, kyrkjer, arkeologiske kulturminne og kulturminne under […]

Slengen – Rygnestad

Utsyn utover Rygnestad frå Slengen. Foto.

Måndag 11. desember fekk eg teke meg ein av dei litt for sjeldne turane oppover i dalen. Då nytta eg høvet til ein liten spasertur oppover i jorda bak Rygnestadtunet, til den gamle husmannsplassen Slengen. Slengen ligg rett ved den fyrste kvasse svingen i heievegen frå Rygnestad, heiter det i Gards- og ættesoga for Valle, […]

«Gamle» Breistøl – Hornnes

Breistøl med grunnmurane etter våningshuset. Foto.

Breistøl er ein tidlegare støyl og ein gamal husmannsplass under bruket Der inne, vest i Nedre Kjetså – Neregarden på Kjetså i Hornnes. Staden ligg inn ein skogsbilveg på sørsida av Fylkesveg 42 noko før du kjem til Tveit i Hornnes austfrå. Det er ein kort tur å spasere inn til Breistøl, eller sykle, men interessant og tankevekkande å vandre mellom dei gamle hustuftene og filosofere litt over det […]

Kallshovet – Hornnes

Utsikten utover landskapet fra Kallshovet. Foto.

Kallshovet er ein karakteristisk, kjegleforma liten fjelltopp (293 moh.) på Kallhovd i Dåsvannsdalen i Hornnes. Det er bare ein kort tur å gå, men toppen er eit veldig fint utsiktspunkt. Når ferdamannen kom over heia frå vest og såg denne fjelltoppen som derifrå likna eit kalvehovud, fall det heilt naturleg å kalle denne fjelltoppen for […]

Husmannsplassen Hagen – i bilete

Stogehuset og stolpehuset i Hagen i vinterdrakt. Foto.

Eg har laga eit lite bilethefte om dette vakre og unike kulturminnet på Lauvdal i Bygland. Heftet har 36 sider og format 21 x 21 cm. Eg har auka storleiken i høve til dei siste A-5-hefta mine, slik at bileta kan kome endå meir til sin rett. Prisen hos meg er 80 kr. Heftet er […]

Ballen rullar for husmannsplassen Hagen!

Husmannsstoga i Hagen. Foto.

I dag var eg så heldig å få vere med på eit møte i Bygland, der tilstanden til og framtida for den unike husmannsplassen Hagen på Lauvdal var oppe til diskusjon. Møtet var komen i stand etter initiativ frå fleire, og ikkje minst ein bra artikkel om husmannsplassen i Setesdølen for nokre veker sidan. Dei […]

Hagen på Lauvdal – bli med inn!

Innestova i Hagen. Foto.

Den nydelege, gamle husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland har mange av oss sett og beundra frå utsida, på veg oppover eller sørover i Setesdal. Vegvaktaren Gunstein S. Lauvdal – den siste som budde i den vesle husmannsstoga – gjorde eit intervju med Setesdølen ca. 1982. Der gav han opplysningar som tyder på at han budde der […]

«Bygland parkvesen» ferdig med første jobben i Hagen!

Olav Grendstad og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin etter fullført jobb 14. juli 2023. Foto.

Arbeidsgjengen med det litt uformelle namnet «Bygland parkvesen» har nå fått rydda unna det mest påtrengande av buskar, kratt, store greiner og små tre m.v. rundt bygningane på husmannsplassen Hagen på Lauvdal. Dei tre er Olav Grendstad (arbeidsleiar) og dei to praktikantane Andrii Ktitor og Yevhen Voroshylin frå Ukraina. Dei er engasjerte på deltid i Bygland kommune i sommar. […]

Husmannsplassen Hagen blir rydda!

Husmannsplassen Hagen . Foto.

Husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit vakkert og verdifullt kulturminne i Setesdal. Nå er ein liten flokk personar i parkvesenet i Bygland i gang med å rydde staden for buskar og kratt. Diverre har staden grodd ikkje så reint lite igjen dei seinare åra. Bygningsmassen treng òg noko vøling. Det stod eit stort […]

Åknes kapell 150 år

Åknes kapell sett utanfrå. Foto.

Det vesle Åknes kapell ved Lognavatn i Åseral blei bygd i 1873. Det er stor feiring av 150-årsjubileet laurdag 19. og søndag 20. august. «Det var eit sterkt ynskje frå logndølane om å få sitt eige gudshus for over 150 år sidan», skriv Olav Åsland i eit stykke om jubileet i Kyrkjebladet for Åseral, Evje […]

Veteranbuss nr. 24

Veteranbuss. Foto.

Veteranbuss nr. 24 er ein grøn Scania Vabis B55 frå 1960 med overbygg truleg frå Føreland i Øvrebø og svensk motor. Eigar er Setesdal Bilruter. Eg har sett dette fine og nostalgiske køyretøyet langs vegen ganske mange gonger, for eksempel i bilparadar på 17. mai. Eg har ikkje teknisk innsikt, og har ikkje visst anna om køyretøyet enn […]

Minnesteinen etter Setesdalsbanen

MInnesteinen ved jernbanestasjonen i Kristiansand. Foto.

Minnesteinen om det første spadestikket på Setesdalsbanen er flytta frå Grim til Kristiansand jernbanestasjon. Etter mange år med politisk ordskifte vedtok Stortinget 8. juli 1890 endeleg å bygge bl.a. Setesdalsbanen. Eg går ikkje inn på detaljane her. Det finst ei omfattande jubileumsbok, «Fra gamp til damp. Setesdalsbanen – de første hundre år» som fortel historia […]

Tårnet – Longerak

Tårnet, ei lita hytte på Longerak. Foto.

Langs vegen oppover mot Longerak kraftstasjon står dette spesielle huset. Det skal ha ei rørande historie, som Reidar Tveito har fortald i den framifrå boka si om bruer og særtrekk langs riksveg 9. Reidar seier at han igjen har historia frå Sigrid Nersten Lunden og Magnhild Rygg. Det hadde seg slik at Ingebjørg Langerak hadde […]

Topteneset – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Topteneset langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Topteneset stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]

Einerkilen urangruve i Evje

Einerkilen urangruve er ei nedlagd gruve på sørsida av Einerkilen i Prestøygardsvatnet mellom Flatebygd og Gautestad i Evje og Hornnes kommune. Det var prøvedrift etter uran i gruva i om lag 3 1/2 år, frå 1948 til 1. juli 1951. Uranen skulle nyttast i den eksperimentelle uranmila som etter vedtak i Stortinget i 1947 var under oppbygging ved Institutt for atomenergi på Kjeller. […]