Fyrer opp til Eagles Tribute!

Bilde av bandet. F.v. Alf Andrew Pedersen, Yvonne Kallhovd, Terje Emblemsvår, Rita Flottorp, Tor H. Olsen, Natalia Marin, Sondre Storstadmo og Frank Uleberg,

Eit knippe lokale musikarar og songarar har gått saman om å heidre det legendariske bandet Eagles ved 30-årsjubileet for comebacket i 1994. Det blir stor Eagles-konsert på Evjemoen Kino & Scene laurdag 12. oktober! Eagles på Wikipedia Songaren Yvonne Kallhovd og sologitaristen Alf Andrew Pedersen er initiativtakarane til det ambisiøse prosjektet. Dei er veldig glade […]

We Will Rock You!

Fellesbilde etter øving på Bygland Kulturscene 6. april 2024.

Kong Hanes eftf. og Evje og Hornnes bygdekor har noko stort på gang fredag 19. og laurdag 20. april! We Will Rock You! har dei kalla fellessatsinga si. Om lag 35 songarar er dei, alt-i-alt. Det er to konsertar; på Bygland Kulturscene fredag 19. april og på Evjemoen Kino laurdag 20. april. Begge kveldar kl. […]

Kulturpatrulja feirar 10 år!

Fire unge utøvarar i Kulturpatrulja sommaren 2016. Eivind Tanche-Larsen Knutsen, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Åsmund Tanche-Larsen Knutsen og June Salte Thorsen. Foto.

Søndag 15. okt. har Kulturpatrulja 10-årsjubileum. Det vert feira med stor konsert i Hylestad soknehus på Rysstad klokka 16.00. Prosjektet er eit samarbeid mellom Setesdalsmuseet og Visit Setesdal. Kvar sommar syter unge utøvarar innan spel, dans og stev for å bringe ekte setesdalskultur ut til folket. Utøvarane har variert gjennom åra. 16. juli 2016 (biletet […]

Klart for Terrassejazz på Evje i helga!

For 6. gong, fredag 2. og laurdag 3. juni, inviterer jazzklubben Dølen Konsertserie til Terrassejazz på Evje. Det er eit tettpakka program, med konsertar på Dølen Hotel, hagekonsertar, jazzparade gjennom Evje sentrum, gratis jazzworkshop for barn 6–14 år og meir til. Utan forkleining for nokon, må det vere lov å seie at det store høgdepunktet […]

Stemningsfull Hank Williams-tribute

Hank Williams Tribute. Bandet. Foto

Gunnar Stubseid, Stina Brandin, Vidar Frøysnes og Knut Djupdal laga ein høgtidsstemt konsert ut av Hank Williams sin musikk på Milano på Evje fredag kveld. – Eg har hatt ein draum om å synge Hank Williams-låtar med fullt band sidan eg var 13–14 år. Gunnar Stubseid Gunnar arva mange Hank Williams-plater etter bror sin tidleg […]

Evje og Hornnes bygdekor med 40-årsjubileum!

Evje og Hornnes bygdekor. Foto.

Ein februarkveld i 1983 samla ein spent og songglad gjeng med bygdefolk seg på Hornnes gymnas til den aller første øvinga i Evje og Hornnes bygdekor. Som tida flyg! Nå er det alt gått 40 år siden den storhendinga. Bygdekoret er framleis i full vigør. Alt ligg då til rette for ei heidundrandes jubileumsfeiring innan […]

Vakkert med Tidløs i Evje kyrkje

Tidløs med Martin Wikstøl som solist avslutta juleturneen sin «En Tidløs Jul» i Evje kyrkje søndag kveld. Utanom Martin består bandet av Bjørn- Thore Aastveit (all verdas instrument), Tommy Røinås Ingebretsen (gitar), Jørgen Førde (trommer), Johan Nøkland Lund (piano) og Jan Martin Hammersland (bass). Kven er Tidløs? Kortversjonen kan vere eit religiøst, kjekt og svært […]