Rydding og fjerning av buskar og kratt er i god gang. Foto: Olav Grendstad

Husmannsplassen Hagen blir rydda!

Husmannsplassen Hagen på Lauvdal i Bygland er eit vakkert og verdifullt kulturminne i Setesdal. Nå er ein liten flokk personar i parkvesenet i Bygland i gang med å rydde staden for buskar og kratt.

Diverre har staden grodd ikkje så reint lite igjen dei seinare åra. Bygningsmassen treng òg noko vøling. Det stod eit stort stykke i Setesdølen om dette for eit par veker sidan.

Saken i eigne hender

Nå har deltidstilsett i parkvesenet i Bygland kommune i sommar, Olav Grendstad, teke tak i saken saman med dei to «praktikantane» sine frå Ukraina. Han skryt forresten veldig av dei karane. Dei er flinke til å arbeide, og har ei viktig rolle i at dette kan skje.

Denne vesle gjengen har begynt å rydde kratt og buskar som har vekse opp rundt bygga. I tillegg har dei snauhogd «skogen» oppe på taka av bygningane 🙂 Olav seier til Setesdalssida at dei er godt igang, men at dei nok treng ein dag eller to til før dei kan seie seg nøgde med sin jobb. Dei er dessutan bare fortroppen. Etter dei lyt fagfolka overta, og gå vidare med det meir kompliserte arbeidet med å reparere skader på bygningane m.v.

Samarbeid kommunen – Setesdalsmuseet

Arbeidet er gjort i nært samråd med den engasjerte naboen Kjell Lande, som fekk ballen til å rulle, Bygland kommune v/Aslak Brekke og Setesdalsmuseet. Kommunen og Setesdalsmuseet eig husmannsplassen saman.

Solskinshistorie!

Dette er etter mi meining ei verkeleg solskinshistorie. Ho syner kor mykje som kan skje – med små midlar – når nokon bare viser litt initiativ og pågangsmot og har lyst til å få ting til å skje.

Me kryssar fingrane for at endå fleire nå blir inspirerte til å bidra, slik at Hagen snarast råd igjen kan bli til det praktfulle kulturminnet staden er meint å vere 💝

Sjå også

Del "Husmannsplassen Hagen blir rydda!"