Hagen 26. desember 2016. Foto: Geir Daasvatn

Husmannsplassen Hagen – i bilete

Eg har laga eit lite bilethefte om dette vakre og unike kulturminnet på Lauvdal i Bygland.

Heftet har 36 sider og format 21 x 21 cm. Eg har auka storleiken i høve til dei siste A-5-hefta mine, slik at bileta kan kome endå meir til sin rett. Prisen hos meg er 80 kr.

Heftet er nå i sal. Du kan tinge hos meg, så leverer eg i postkassa di så snart eg kan få det til. Om eg må sende i posten, kjem porto i tillegg.

Kontaktinfo: Geir Daasvatn Foto på Facebook, SMS 909 26 724, geir.daasvatn@gmail.com.

Stemningsfulle bilete

Det kan vere veldig stemningsfullt i Hagen. Eg trur eg har klart å fange nokre fine augneblink opp gjennom åra. Det eldste biletet er frå 2015, trur eg. Eit par av bileta er nok mellom dei finaste eg har fått til. Eg har også teke med nokre bilete som viser korleis husmannsstoga ser ut inne. I tillegg til bileta er det ei lita innleiing med historia bak staden i kortform.

Stykket held fram under biletet

Innestova i Hagen. Foto.
Stoga i Hagen. Foto: Geir Daasvatn

Med nokre endå kortare stikkord er historia slik at Pål G. Lauvdal (fødd 1839) var den første som bygsla husmannsplassen Hagen. Han blei i 1871 gift med Gunhild Jonsdotter Krosstog (fødd 1846). Bror til Pål, Saave G. Lauvdal (fødd 1853), overtok Hagen og sat med plassen til han døydde i 1942. Saave var gift med Gunhild Sjølluvsdotter Lauvdal (fødd 1860). Eitt av borna deira, Gunstein S. Lauvdal (fødd 1897), blei verande i Hagen etter foreldra sine. Han var vegvaktar i Bygland, men blei buande i den vesle husmannsstoga i Hagen heilt til han flytta til Byglandsheimen i høg alder (ca. 1978)

I dag er husmannsplassen ein del av bygningsmassen som Setesdalsmuseet forvaltar. Bygland Tun (Bygland kommune) og Setesdalsmuseet er dei formelle eigarane. Dei overtok heimelen til bygningane og arealet dei står på i 1984 frå grunneigarane på staden.

«Revitalisering» av Hagen

Hausten 2023 er det sett i gang eit «Samarbeidsprosjekt for å revitalisere Hagen». Involverte i dette arbeidet – førebels – er eigarane Setesdalsmuseet og Bygland kommune, grunneigarane i området Roar Støbet Lande og Kjell Lande og nokre engasjerte privatpersonar. Det blir spennande å sjå kva som kan kome ut av det arbeidet i åra som kjem.

Geir Daasvatn sine bilete frå husmannsplassen Hagen på Flickr

Annonse
Del "Husmannsplassen Hagen – i bilete"