© 2022-2026

© 2022-2026

Postvegen i Toptenesbakken

Vegen opp mot toppen frå sør 8. mai 2026. Framleis står nokre av dei svære stabbesteinane mot ytterkanten att. Foto

Postvegen var det setesdølane kalla den første ordentlege køyrevegen (kjerrevegen) frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Over Toptenes like sør for Frøysnes blei vegen bygd rundt 1842. Alt i 1833 la vegmeister Georg Daniel Barth Johnsen fram den fyrste planen om veg oppover i Setesdal. I 1839 løyvde Stortinget pengar til vegen. «Arbeidet gjekk etter måten […]

Frøysnes brygge

Brygga på Frøysnes 27. november 2025. Foto

Frøysnes brygge ligg langs Åraksfjorden, sør på Frøysnes, noko før det første huset på garden. Brygga blei bygd i 1869. Ho er bygd av grovt tømmer og stein. Det var dampbåtane Dølen og seinare Bjoren (frå 1897) som nytta brygga. Les også: Bjoren – eventyrbåten på Byglandsfjorden Den første brygga blei utbetra rundt 1905, som følge av oppdemminga av Byglandsfjorden. Det […]

Lundarhalsen – heidensk offerstad på Frøysnes?

Lundarhalsen stikk ut i Åraksfjorden på Frøysnes. Foto.

Lundarhalsen er eit nes som stikk ut i Åraksfjorden, på gardsbruket Oppigard på Frøysnes i Bygland. På neset fann frøysnesfolk langt tilbake i tid ei flat helle som var «bygd opp». Over denne hella låg ei stor, flat helle. Det var også svart jord der; det såg ut til at det hadde vore brent på plassen. Dateringa av funnstaden […]

Storrvollhuset – Frøysnes

Det store, raude Storrvollhuset. Foto.

Storrvollhuset er eit gamalt bustadhus på gardsbruket Storrvollen på Frøysnes i Bygland. Huset er stort og raudmåla, og lett kjenneleg på nedsida av Riksveg 9, omtrent midt i grenda. I si tid skal det ha vore det største bustadhuset i Bygland. Historie Det er ulike opplysningar om huset. Noverande eigar Torbjørn Frøysnes har høyrt at halve huset kom frå Lauvdal ei gong kring […]

Toptenes – spennande vegmiljø i Bygland

Ved Toptenes langs Riksveg 9, rett sør for Frøysnes i Bygland, er det spor etter tre hovudvegar gjennom Setesdal. Det er verkeleg ein spennande plass å ta eit lite stopp, om du er interessert i gamle vegminne. Toptenes stikk ut i Åraksfjorden. Den gamle Postvegen gjekk rett over fjellknausen her. Postvegen var den første brukelege køyrevegen for hest og kjerre […]

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.