Futevegen – Syrtveit sør
Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveit og vidare opp til Vassend. Det var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Futevegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei brukt mellom anna av futen i Råbyggelaget når han var ute […]
Futevegen – Kalveskinnsupsa
Ein gamal Daleveg, av mange kalla Futevegen, kom frå Evje forbi Syrtveitgardane og gjekk høgt oppe i lia ved Kalveskinnsupsa før han svinga ned til husa i Vassend. Vegen var ein ride- og kløvveg, som etter kvart blei opparbeidd til sledeveg. At han ofte er kalla «Fute-vegen», kjem av at han var administrasjonsveg og blei […]
Futevegen – Klevelandskleiva
Klevelandskleiva var ein lang og bratt bakke på den gamle Futevegen, «hovudvegen» frå Evje austover mot Herefoss og Arendal fram til 1840-talet. Futevegen heldt også fram nordover frå Evje gjennom Bygland til Valle, men gjerne under anna namn. Det lyt vere til ein annan gong. Eldre enn reformasjonen Nøyaktig kva tid Futevegen kom til er […]