Nesodden gravrøys

Gravrøysa på Gullsand i Bygland. Foto.

På den søre spissen av Nesodden i Bygland, i vestre enden av den mykje brukte badestranda Gullsand, ligg ei godt synleg gravrøys bygd av kampestein. Nesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå aust, ved Lislestraumen vest for Nesmoen eit par kilometer nord for Bygland sentrum. På vestre sida av fjorden stikk det også ut to små nes. Det er såleis bare eit smalt sund som […]

Gravrøysa på Nånesodden

Gravrøys på Nånesodden i Bygland. Foto.

På Nånesodden, på vestsida av Byglandsfjorden, ligg det ei gravrøys. Ho høyrer til den spesielle typen gravminne som vert kalla åsrøys. På Kulturminnesøk.no heiter det at ho er frå jernalderen. I ei undersøking sommaren 2012 i samband med erosjonssikring fann dei brentebein frå menneske og ein pinsett frå yngre bronsealder, noko som var ei stor […]

Røysland gravfelt i Valle

Røysland gravfelt, Valle. Foto.

Røysland gravfelt ligg på Røysland heilt sør på Straume i Hylestad i Valle. Her kan du stille vandre mellom spor frå fortida! Feltet ligg langs Birkelandsvegen, rett sør for Åraksøyne. Det er registrert minst 19 røyser i feltet. Det er både langrøyser og rundrøyser. Dei er bygde opp av stein. Nokre av røysene er rydningsrøyser. Røysene ligg rundt ei hustuft. Busettinga i gardsanlegget er ikkje […]

Gravrøysa på Kyrkjedekkan

På Kyrkjedekkan, heilt nord på Langeid i Bygland, ligg ei drusteleg gravrøys frå jernalderen. Gravrøysa ligg om lag 100 m frå Riksveg 9, tvers ovafor Hækni rasteplass. Ho er ei rundrøys bygd av små og store rundkamp, rundt åtte meter i diameter og ca 75 cm høg. Midtpartiet er utkasta, slik at det er eit […]