Haugefjellet feltspatgruve – Evje

Haugefjellet feltspatgruve fylt med vatn. Foto.

Haugefjellet er sagt å vere den eldste feltspatgruva i Evje. Den nedlagte gruva er på garden Haugen sin grunn. Ho ligg aust for Dansarberga og sør-vest for Mykleåsen, ikkje så langt unna dei andre feltspatgruvene i området. Gruva kom i drift før år 1900, og kan altså vere den eldste feltspatgruva i Evje. I alt er det rundt 80 feltspatbrot […]

Hamregruva – Bygland

Hamregruva med utsikt ned mot Byglandsfjorden. Foto.

Hamregruva er ei nedlagt kopargruve i Hamreheia, vest for Vormevik på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Gruva ligg på toppen av ei bratt fjellside ned mot fjorden. Stien opp til gruva frå garden Hamre nede ved fjorden heiter Munketo. Stigninga er om lag 300 meter. Monika Lund Smeland og Johnny Smeland er dei heldige grunneigarane på Hamre. Den eldste gruva i Setesdal? I alle fall […]

Flåt nikkelgruve

Ruinar etter Flåt nikkelgruve, Evje. Foto.

Flåt nikkelgruve er ei nedlagd nikkelgruve i Mykleåsen i Flot mark i Flatebygd i Evje og Hornnes. Ho var ein gong Nord-Europas største nikkelgruve! Sjølve gruva er stengt og plombert. Men det er mykje spennande å sjå oppe på overflata også. Gruveområdet er difor ein ypparleg stad for eit besøk for deg som er interessert i gamal gruvehistorie. Frå hausten 2023 ligg Gruveblikk, dagsturhytta i […]