Skjoldmøypila på Hedde

Gardsbruket Der nede på Hedde, med Skjoldmøypila i framgrunnen.

Skjoldmøypila på Hedde er ein om lag mannshøg og spiss stein på gardsbruket Der nede på Hedde i Hylestad. Steinen skal ha vore noko høgare før. Etter segna skal Skjoldmøyane ha skote pila etter Heilag-Olav då han for gjennom Setesdal. På same bruket står også det kjende Heddisloptet. Johannes Skar seier det slik: «Me Heddi la skjallmøyann` å `an; dei skut` a stei`pil […]

Heddessteinen

Den kjempestore Heddessteinen. Foto.

Heddessteinen ligg like oppom Riksveg 9 på Helle. Han er ein kjempesvær stein, stor som eit lite hus, og så stor at han har sitt eige namn, akkurat som Goddokksteinen som låg like i nærleiken. Segna fortel at dette var den eine av to steinar som Skjoldmøyane heiv etter Heilag Olav då han var i Setesdal. Ei steinpil i vegkanten litt lenger nord på Helle […]

Hauganloftet

Hauganloftet. Stabbur. Foto.

Hauganloftet står på gardsbruket Haugan (gnr. 70 bnr. 6) på Hedde i Hylestad. Haugan ligg lengst sør på Hedde, rett på oversida (vestsida) av Riksveg 9. Eigar er Egil Åmlid. På gardsbruket står eit gamalt loft. Om det har eit offisielt namn veit eg ikkje. Så eg kallar det bare «Hauganloftet» etter bruket det høyrer […]

Heddisloptet

Heddisloptet, stabbur på Hedde i Setesdal. Foto.

Heddisloptet er eit loft (stabbur) bygd i 1582 på Hedde i Hylestad. Loftet blei seld ut av Setesdal tidleg på 1970-talet, og stod fram til 2021 på Snarøya i Bærum. Eigaren hadde testamentert loftet til Riksantikvaren ved sin død. I 2021 blei bygget demontert, og frakta «heim» til Hedde. Det er setta opp igjen på gardsbruket «Der nede» som Harald […]