Haslebakken – Ose

Haslebakken er ein av dei eldste husmannsplassane i Bygland. Staden ligg mellom Frøysnes og Støylehommen, ved gardsgrensa mellom Frøysnes og Ose, om lag 100 meter opp i lia for Riksveg 9. Bak reiser Skjoldmøynuten seg bratt opp. Heddeneset ligg rett imot, på andre sida av Åraksfjorden. I dag er den gamle husmannsplassen attgrodd. Men då […]
Apledokk – husmannsplassen til Dalskjempa

Dette var ein husmannsplass på garden Dale på vestsida av Byglandsfjorden i Bygland. Apledokk er i lia, rundt 200 meter ovanfor sandstranda i Daleviki. Husmannen var Torjei Jensson, «Dalskjempa». Han skal ha rydda plassen og flytta dit i 1860. Han blei verande her til han døydde i 1924. Nils Nersten heldt til på Longerak, og traff Torjei ofte. Han har […]
Slengen – Rygnestad

Slengen er ein husmannsplass i Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap, i jordet ovanfor Rygnestadtunet, i Valle. Han er den einaste av fire slike plassar som framleis har hus. Huset i Slengen var sterkt til nedfalls. Men det blei vedteke å sette huset i stand igjen, gjennom kurs der handverkarar fekk opplæring i gamle handverksteknikkar. Plassen fortel om […]