Blodsteinen – Åseral

Blodsteinen. Foto.

Blodsteinen ligg like i vegkanten på Løkjen, på veg frå Kyrkjebygd til Ljosland i Åseral. Steinen har ei dramatisk historie knytt til seg. I eldre tider var det nokre få menn som slo under seg all den jorda som fantest i Åseral. Valter Austru slo til seg alt på austsida, på heia og heime. Han […]

Bjønnespranget – Åseral

Bjønnespranget i Heddefossen i Ma ndalselva. Ei djup kløft med jettegryter. Foto.

Bjønnespranget er ein stad i Heddefossen mellom Mjåland og Åmland. Spreke karar greidde å hoppe over kløfta. Det er kjent for å vere eit svært hopp. Namnet kjem av ei gamal segn om ein mann som var elta av ein bjønn, er det forklart i kulturminneplanen for Åseral. Elva ligg her i ei djup kløft. […]

Kjeddingsteinen – Åseral

Kjeddingsteinen. Enorm stein. Foto.

Kjeddingsteinen er ei svær steinblokk langs vegen til Juvassdammen i Åseral. Steinen har tydeleg ikkje ramla ned frå fjellet. Det har gitt opphav til ei segn om at det var ei trollkjerring som kom berande med steinen og sette han ned der i år 1000. Så skulle ho kome att i år 2000 for å hente han. Dette tala folk i Lognevassbygda om […]