I fotspora til setesdølane – Skottedalskleiva

Skottedalskleiva var ein lang og vidgjeten bakke på den første kjerrevegen nordover frå Kristiansand, i heia mellom Mosby i Kristiansand og Homstean i Øvrebø. Ein eldre køyreveg i kleiva blei bygd rundt 1832. Attgrodde restar av denne første vegen kan me framleis finne på austsida (nedsida) av kleiva slik ho ser ut i dag. Stykket […]
Dåsneset i Valle – Setesdalsvegen 1930–1992

På Dåsneset nord-vest for Einang ligg ein fin, lang sving av den gamle setesdalsvegen att på vestsida av Riksveg 9. «Like nord for Einang møtest alle generasjonar veg», er det sagt i den store boka om Postvegen og Riksveg 9. På Dåsneset, på vestsida av dagens riksveg, ligg to fine gamle vegstykke. Eg har tidlegare […]
Riksveg 400 – Skomemoen

Om lag midt mellom Storstraumen og Skomedal, på Skomemoen, ligg ei sløyfe av den gamle Setesdalsvegen lenger ut mot fjorden enn Riksveg 9 gjer i dag. Eg har ikkje klart for meg nøyaktig kva det heiter her. Skomemoen er jo svær. Men eg lurer på om det er ein eller annan stad i dette området […]
Riksveg 400 – Syrtveit sør

Sør for TrollAktiv, på austsida av Riksveg 9, ligg ei sløyfe av den gamle hovudvegen mellom Evje og Byglandsfjord att i skogen. Den første køyrevegen (for hest og vogn/kjerre) gjennom Setesdal, Postvegen, gjekk frå Fennefoss i Hornnes oppover langs vestsida av Otra til Gullsmedmoen. Gullsmedmoen var gamal ferjeplass for å kome over på austsida, til Salbergmoen. Det heitte […]