Minne frå ei svunnen tid. Systog Trydal-kverna like ved Postvegen, den fyrste ordentlege køyrevegen oppover til Bykle. Bak kvernhuset skimtar me Riksveg 9. Foto: Geir Daasvatn

Dei to kvernhusa i Trydalsbekken

I Trydalsbekken som renn ut av Trydalstjønna i Bykle står to veldig gamle kvernhus.

Det øvste ligg like nedanfor krysset Riksveg 9/Trydalsvegen (den gamle setesdalsvegen). Det høyrer til Stigamo-Nordstog (Moen), står det på registreringskortet i SEFRAK-registeret. Den kverna skal vere frå 1700-talet.

Stykket held fram under bileta

Kverna til Stigamo/Nordstog i vinterdrakt. Foto.
Kverna til Stigamo-Nordstog (2017). Foto: Geir Daasvatn
Den same kverna den same kvelden, 2. joledag 2017. Foto: Geir Daasvatn

Litt lenger nede langs bekken, lett sjåeleg frå Rv-9, ligg kverna til Systog. Årstalet 1648 er skjert inn i ein stokk. Bekkekvernutvalet, som var utnemnt av Statens Kornforretning, arbeidde i åra 1955–1965 for å restaurere og bevare nokre av dei gamle kvernhusa i Noreg. I sluttmeldinga si i 1965 skreiv utvalet at det bare hadde hatt høve til å medverke til at ett einaste kvernhus i Setesdal blei bevart. Det var Systog-kverna i Trydal.

Ved SEFRAK-registreringa i 1983 blei det notert at huset var pussa opp med nytt golv m.v. Om det syner til den restaureringa som Bekkekvernutvalet medverka til før 1965 eller eit seinare arbeid veit eg ikkje. På 1980-talet stod huset med open dør med eit jerngitter framføre. Det fungerte som eit lite museum for seg sjølv. Sist eg var forbi stod gitteret der framleis.

Les også: Kornet frå åkeren til kverna

Systog Trydal-kverna sett frå Riksveg 9 (2018). Som me ser er kverna grundig restaurert. Kvernkallen er på plass! Eit verdfullt og vakkert kulturminne. Foto: Geir Daasvatn

Fleire kvernminne

Kvernhuset i Lislestog
Kvinnebekken på Dale
Kvernminna i Setesdal – eit lite føreord
Kvernhusa langs Bjørnaråni
Kvernminne – litteratur og kjelder
Nordenåkverna – Åraksbø
Kvernhusa langs Kvinnåne på Straume
Vodden Nesland-kverna i Huldreheimen
Kvernebekken Gryte i Valle
Kornet
To fine kvernhus i Kåvåne
Kvernene på Sordal

Ditt personvern er viktig for oss

Vi bruker «cookies» slik at vi kan forstå hvordan du bruker nettstedet vårt.